Hopp til innhold

Fann ikkje spor etter ulven i Flora

Fylkesmannen har i dag gitt fellingsløyve til fleire beitelag. Jegerane er no gang med å jakte på ulven som har tatt lam i Sogn og Fjordane.

Ulvejakt i Flora

JAKTAR HER: Jaktlaget er no på Grov i Flora kommune, der det blei gjort observasjon av ulv tidlegare fredag.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Fellingslaget som leitte etter ulven fann ikkje nokon spor då dei søkte i eit område ved Grov i Flora kommune fredag ettermiddag.

– Søket resulterte i ein konklusjon om at dyret ikkje lenger er i det området det vart søkt i, og har gått vidare, seier leiar for fellingslaget Arve Aarhus.

Aarhus fortel at dei no vil vente på fleire observasjonar av ulven.

– Det betyr at vi er tilbake til det som er vanleg – at ein får vente og sjå korleis dette utviklar seg, og så agere på det som dukkar opp.

Ulven vart observert i området ved Grov i føremiddag.

– Eg fekk høg puls og tenkte kva søren var dette for noko, seier Rita Ekerheim.

Ho var på veg til Florø på riksveg 5 ved Grov i Flora kommune rundt klokka 11 då ho såg ulven berre 5–6 meter frå seg.

Ein person frå Statens naturoppsyn har vore i området saman med seks personar frå fellingslaget som har ansvar for fellinga av ulven.

– Vi er i første fase, vi i området og observerer, samt prøver å finne spor av ulven, sa Aarhus til NRK tidlegare i dag.

Etter at dei fekk melding om observasjonen på Grov har fellingsløyvet vorte utvida til å også gjelde for Flora kommune.

– Vi har fått fellingsløyve frå Fylkesmannen per telefon som gjeld for dette området, seier Aarhus.

Lam tatt av ulv i Guddal

DREPE: Slik fann sauebonden i Guddal lammet sitt på tysdag. Statens naturoppsyn seier det er ulv som har drepe det ut ifrå korleis skadane på lammet var.

Har fellingsløyve

– Løyvet gjeld frå og med i dag, sa fungerande fylkesmiljøvernsjef Eline Orheim då dei tidlegare i dag gav fellingsløyve lengre sør i fylket.

I går søkte beitelaget i Guddal om fellingsløyve etter at det vart funne eit dødt lam tysdag denne veka.

Bakgrunnen er lammet som vart funne i Guddal i Sunnfjord på tysdag. Statens naturoppsyn (SNO) vurderte skadane til at det var ulv som hadde gjort det.

Dei ser det no i samanheng med dei åtte lamma som vart funne drepne og skadde i Naustdal kommune litt lengre nord i fylket for to veker sidan.

Fellingsløyvet som vart gitt i Naustdal har no gått ut, men Aarhus seier det går fort å få på plass eit løyve dersom dei treng det. Løyvet som Fylkesmannen gav tidlegare i dag gjeld for kommunane Fjaler og Hyllestad, samt delar av Gaular og Høyanger.

– Området er geografisk avgrensa til Dalsfjorden i nord, Sognefjorden i sør og E39 og elva Gaula i aust, seier den fungerande fylkesmiljøvernsjefen.

Område for skadefellingsløyve

Jaktlaget på tå hev

Fellingslaget består av 25 personar som er utnemnt av kommunane. Dei er leia av Arve Aarhus som seier laget er på tå hev og klare til å rykkje ut ved nye observasjonar.

Etter observasjonane ved Grov var dei på staden kort tid etter, og sender fleire personar ut dit så fort folk melder seg.

Kadaver av sauer drepne av ulv

NAUSTDAL: Her er nokre av lamma som vart funne drepne i Naustdal. Med lammet i Guddalen har ulven teke ni lam totalt.

Foto: Solveig Svarstad / NRK