Hopp til innhold

Ulven herjar vidare i Sogn og Fjordane – fann nytt lam drepe i går

Ulven som tidlegare har tatt lam i Naustdalsfjella, har no slått til i Guddal i Fjaler, meiner SNO. Ein bonde i dalføret fann i går eit lam som mest truleg er bite i hel av ulv.

Lam tatt av ulv i Guddal

ULVESKADAR: Lammet som mest truleg er drepe av ulv i løpet av denne veka.

– Vi har hatt ein rovviltkontakt som har undersøkt eit lam i Guddal i Fjaler og dei skadane som han skildrar til meg, tyder på at det er ulven som har tatt det, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO) til NRK.

Det var saueeigaren sjølv som fann lammet. Ho skildrar at lammet framleis var varmt og det såleis nyleg var drepe.

– Det var lett å sjå at at dette var ferskt. Lammet var bite både i strupen, på sida og under frambeina. Sjølv tenkte eg på rev, men det er utelukka på grunn av dei kraftige bitta, seier sauebonde Inger Helen Steinevik til NRK.

I starten av juli blei det funne ni lammekadaver i Naustdalsfjella og det blei då gjeve løyve til felling av ein ulv. Dette løyvet har gått ut og det er no opp til sauenæringa om dei vil søkje om nytt fellingsløyve.

Rein Arne Golf i SNO meiner at det er den same ulven som har vore på ferde både i Naustdal og Fjaler, sjølv om det er store avstandar.

– Om det kjem ulv til Sogn og Fjordane, så er det veldig mykje mat å finne både av husdyr og hjortedyr. Det han eventuelt då manglar er ein partnar. Om han ikkje finn ein make, så vil han leite etter det.

Ulv i Sogn og Fjordane
Sau drepen av ulv

TOK LAM I NAUSTDAL: DNA-spora er ikkje 100 prosent sikre, men SNO meiner at det var ein ulv som tok åtte lam i Naustdal for ei god veke sidan.

Foto: Odd Arne Hamre