Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelag og Gaular beitelag får ikkje forlenga fellingsløyvet som gjekk ut 1. august.
- Les også:
– Det er ikkje sett noko ulv sidan det førre løyvet vart gjeve, og det er heller ikkje funne skadde eller daude dyr sidan, grunngjev Gunn Helen Henne, fungerande fylkesmiljøvernsjef.
Observert i Hyllestad
Løyvet vart gjeve etter at det som truleg er ein ulv har teke fleire lam i Naustdal og Fjaler i sommar. DNA-prøvar er sendt til analyse og i slutten av juli vart rovdyret truleg observert i Sundbotn i Hyllestad. Då vart løyvet forlenga.
- Les også:
- Les også:
Om det skulle komme fleire observasjonar, vil fylkesmannen raskt kunne gi nytt fellingsløyve.
– Blir det gjort nye observasjonar av ulv i området, eller funn av skadde eller daude dyr, så kan vi vurdere det raskt, seier ho.