Hopp til innhold

Trur tv-seriar er med å på auke interessa for helsefag

FØRDE (NRK): Populære tv-seriar kan få fleire til å søkje seg til helsevesenet, trur både elevar og fagfolk. Ved Mo og Øyrane vidaregåande er det fem gonger så mange søkjarar til ambulansefaget som der er plassar.

Ambulansefag Mo og Øyrane vgs.

POPULÆRT TILBOD: Nosrat Tajik viser ein niandeklassing som vurderer utdanningsval korleis han jobbar. Tajik er godt fornøgd med eige utdanningsval. – Det ein får gjort på ambulanselinja får ein ikkje gjort andre stader, det er noko for seg sjølv.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Det har vore draumen heile tida. Sidan eg var liten har eg villa jobba som ambulansearbeidar aller politi, og så valde eg å kome hit, seier Nosrat Tajik, som går ambulansefag ved Mo og Øyrane vidaregåande skule.

– Eg likar å jobbe med folk, legg han til.

Det er han ikkje aleine om.

Interessa for helsefag ser ut til å vere aukande blant ungdom på terskelen til arbeidslivet. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser ein søkjarauke til helse- og oppvekstfag på vel 30 prosent mellom 2012 og 2018.

113-effekt?

Ved Mo og Øyrane vgs. var det i år 31 søkjarar til seks plassar på ambulansefag.

At særleg ambulansefaget er populært ved skulen kan også ha samanheng med at fleire har fått kjennskap til yrket gjennom media, trur elev Renate Silvia Sørbotten.

– Det kan kanskje vere litt grunna tv-serien 113, og at det kjem fleire seriar om ambulansen.

Faglærar Audun Rørvik er samd.

– Litt av søkjartala kan ha bakgrunn i at ein har fått veldig god promotering gjennom 113-seier, og så veit ein at det har vore mange gode BBC-program om dette.

I tillegg til at god søking til ambulanselinja, auka også talet søkjarar til lærebedrifter i Sogn og Fjordane med seks søkjarar sett opp imot fjoråret. Det gler ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.

– Vi er aktive med å reklamere for faget på skular og i rekrutteringsarenaer. Vi trur kanskje også at tv-seriar som «113» og «Ambulansen» har ført til at fleire yngre ser at det er store spennet i kva ei helseutdanning gir av moglegheiter.

Behov for arbeidskrafta

Sægrov viser til at Helse Førde har eit konstant behov for nye ambulansearbeidar over heile fylket, og at dei tek inn lærlingar årleg.

– Det er noko geografisk variasjon på behovet for rekruttering, men dette kan og snu fort. Mange stasjonar har og fått auka tal årsverk som fylgje av endra arbeidstidsordningar. Dette har ført til auka behov for vikarar.

Ifølgje ei måling frå NHO er utdanning frå yrkesfag etterspurt blant deira medlemsbedrifter.

Leiar i Ambulanseforbundet i Delta, Ola Yttre, seier det er etterspurnad etter ambulansearbeidarar.

– Fram til no har det vore eit stort behov etter ambulansearbeidarar, det vil det også vere framtida. Det vi ser no, er at det kjem inn ei nye type høgskuleutdanning og det blir to grupper som skal få seg arbeid, seier han.

I Førde er Nosrat Tajik godt nøgd med valet om ei framtid i helsevesenet.

– Dagane er ulike kvar einaste dag.