Hopp til innhold

Trur ikkje hjorten vil bruke dyr undergang

GAULAR (NRK): Vegvesenet meiner dei har gjort alt etter boka. Livsfarleg for menneske og hjort, seier kritikarane. Viltundergangen i Gaular skapar diskusjon.

Mgnus Mo står under viltundergangen

UTRYGG: Magnus Mo forklarar kvifor hjorten ikkje vil nytte undergangen, og korleis det driv dei opp på vegen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Magnus Mo

SKEPTISK: Fagkonsulent i Gaular kommune, Magnus Mo, meiner hjortepassasjen kan skape farlege situasjonar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/NRK

– Slik det er no kan hjorten kan velje andre kryssingspunkt og då kan det oppstå farlege situasjonar.

Det seier fagkonsulent Magnus Mo i Gaular kommune om hjortepassasjen som skal sikre fri ferdsel for dyra under nye E39, som går gjennom kommunen. Vegen har kosta opp mot 700 millionar kroner, men viltundergangen held ikkje mål, ifølge Mo.

– Det som er mi hovudinnvending er skepsisen til om vi får hjorten til å gå gjennom denne passasjen her.

– Mindre vellukka

Trafikkert E39 i Gaular

E39: Det er under denne vegen hjorten skal passere.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Med viltundergangen skal bilar og hjort kunne passere på kvart sitt plan, og ikkje kome i vegen for kvarandre. Undergangen er bygd i eit av dei mest hjortetette område i Gaular, men er ikkje bygd på ein måte som gjer at dyra vil gå under.

– Denne passasjen er, slik eg oppfattar det, litt mindre vellukka enn ein håpa på, seier Mo.

Han får støtte av professor i biologi ved Universitetet i Bergen, Thorolf Magnesen.

– Fordi dei har lagt så mykje lausmassar i undergangen, har den ikkje høgda den skal ha. I tillegg har dei lagt mykje lausmassar på begge sider av vegen, så det blir ikkje eit ope og fritt terreng som hjorten kan gå i, fortel han.

– Personar kan stryke med

Viltundergangen Gaukar

VEGETASJON: Mo og Magnesen meiner det er for lite vegetasjon rundt viltundergangen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Magnesen har vore i kontakt med Statens vegvesen dei siste to åra, og skreiv nyleg eit brev med bekymringar til Vegvesenet.

«Jeg vil hevde at underganger ikke er utformet som planlagt og at Statens vegvesen ikke bruker sin kunnskap og kompetanse for å tilrettelegge området ved undergangen», skriv han blant anna.

Magnesen fryktar viltundergangen, slik den er laga til i dag, kan ha dramatiske konsekvensar.

– Det eine er at hjorten stryk med, men du kan òg få personar som stryk med. For der er høy hjortetettheit, og det har allereie vore fleire påkøyrslar i området, og det vil du få meir av.

Brev frå Magnussen til Statens Vegvesen

BREV: I eit brev til Statens vegvesen uttrykker professor Thorolf Magnesen bekymring om viltundergangen. «Jeg vil hevde at underganger ikke er utformet som planlagt og at Statens vegvesen ikke bruker sin kunnskap og kompetanse for å tilrettelegge området ved undergangen», skriv han.

Vegvesenet svarar på kritikken

Svein Reidar Dale

UEINIG: Prosjektleiar Svein Reidar Dale meiner Statens vegvesen har gjort alt etter boka.

Foto: Statens vegvesen

– Det som vi har bygd er i samsvar med reguleringsplanen, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale.

Han er ikkje einig i kritikken frå Mo og Magnesen.

– Det var lite tre der brua er bygd, og det er klart at vi må gje dei litt tid til å vekse opp att. Vi vil sjølvsagt følgje med og sjå korleis dyra vil opptre i dette området, seier Dale.

Mo er framleis kritisk, men håpar at meir vegetasjon kan gjere det betre for hjorten.

– Viss ein plantar til her, slik at ein får noko vegetasjon inn til, kan det bli litt lettare, men akkurat slik det er i dag, er eg veldig tvilande til om han går, meiner han.