Hopp til innhold

Trenaren trur dei kan nå verdstoppen

LUSTER (NRK): Sarah Fiskaa Haugen (19) og Øyvind Vagstad (20) er blant dei mest talentfulle telemarkskøyrarane i Norge.

Sarah Fiskaa Haugen og Øyvind Vagstad klare for trening

PÅ TÅ HEV: Sarah Fiskaa Haugen og Øyvind Vagstad satsar på telemarkskøyring. Dei to sogningane er venta å hevde seg i toppen under norgescup- og NM-renna i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Begge kan nå verdstoppen, om dei ønskjer å satse vidare. Dei er rett og slett store talent, seier landslagstrenar Martin Gjøra.

Han er travelt oppteken med å vegleie løparane på den opne juniorlandslagssamlinga i Sogn skisenter på Hafslo. Der er regionen godt representert med to av landets beste juniorar:

Sarah Fiskaa Haugen frå Gaupne vart juniorverdsmeister for snart to år sidan. Øyvind Vagstad frå Leikanger vart norgesmeister for juniorar i fjor.

Var slegen ut av kyssesjuke i eit halvt år

Denne helga er det duka for norgescup i sprint og NM klassisk i Heggmyrane på Hafslo. Dei to sogningane er venta å kjempe heilt i toppen. For Vagstad er utfordringa at han var slegen ut av kyssesjuka frå mai til seint i oktober i fjor.

Difor er treningsgrunnlaget heller labert – men han er likevel høgaktuell til junior-VM i slutten av januar.

– Eg fekk ikkje trent noko særleg det halvåret. Men eg har blitt gradvis betre, og no byrjar eg å bli skikkeleg bra, seier 20-åringen.

– Junior-VM er heilt klart det store målet. Eg håpar eg kjem med, seier han.

Øyvind Vagstad førebur seg til NM i telemark på heimebane, der han slåst om ein plass til junior-VM.

FULL FART: Øyvind Vagstad på trening framfor NM i Heggmyrane.

Er inne i eit friår, men kan hevde seg likevel

Fiskaa Haugen har allereie opplevd kjensla av å vinne junior-VM. Men årets meisterskap må ho stå over på grunn av ein tur til Sør-Afrika med folkehøgskulen.

Ho håpar likevel ho kan blande seg inn i toppen i helga.

– Sjølv om eg har teke eit friår med litt andre prioriteringar, håpar eg alltid å komme høgast mogleg når eg stiller på renn. Eg har ikkje det same grunnlaget som før, men eg har trent ein del likevel. Samstundes er eg nok ikkje like godt førebudd i hovudet, seier Fiskaa Haugen.

– Det kan gå bra likevel?

– Ja, kanskje presterer eg betre når eg kan senkje skuldrene litt, seier ho.

Sarah Fiskaa Haugen førebur seg på NM i telemark på heimebane.

GIR GASS: Sarah Fiskaa Haugen på trening framfor NM.

Slik vurderer landslagstrenaren dei to talenta

Landslagssjef Martin Gjøra

LOVANDE: Landslagssjef Martin Gjøra spår sogningane ei stor framtid i telemarksløypa.

Foto: Rune Fossum / NRK

Landslagstrenar Martin Gjøra håpar begge løparane held fram med satsinga si framover. Då meiner han dei kan bli gode. Veldig gode. Slik vurderer han dei to løparane:

  • Øyvind Vagstad: Har heilt klart veldig stort potensial. Når det klaffar går det veldig fort. Han er tøff i hovudet, torer å sleppe på og har fin teknikk. Hadde han hatt ei optimal oppkøyring, så hadde han nok gjort det veldig skarpt i junior-VM. Då snakkar vi om ein plass på pallen.
  • Sarah Fiskaa Haugen: Er ei jente med veldig mykje guts. Er tøff, og ikkje redd for å køyre fort. Bra teknisk på ski. Har gjort det bra i junior-VM før, og er ei jente eg håpar har lyst til å halde fram i lang tid. Ho kan hevde seg i verdscupen etter kvart.
Sarah Fiskaa Haugen og Øyvind Vagstad

KLARE: Sarah Fiskaa Haugen og Øyvind Vagstad på heimebane i Heggmyrane.

Foto: Rune Fossum / NRK