Både Øyvind Vagstad (Syril) og Sarah Fiskaa Haugen (Luster) skal forsvare dei norske fargane under junior-VM i telemark.
– Eg visste at det kunne gå om eg presterte bra i helga, men heilt sikker var eg ikkje. Det er mange gode juniorkøyrarar, så dette er veldig kjekt, gliser Vagstad.
Maks klaff i minst eitt løp
Meisterskapen går 24. – 27. februar i Steamboat Spring i USA. Sportssjef Jo Mork har teke ut fem seniorar, og åtte juniorar til dei to meisterskapa som går samstundes.
Medalje vågar ikkje Vagstad å tenkje på no.
– Målet er å treffe maks på minst eitt av løpa, så får vi sjå kor godt det går, seier Vagstad som også fekk køyre med flagget på brystet då verdscupen starta i slutten av november.
- Les også:
– Junior-VM har vore eitt av dei store måla for sesongen. Det og NM-gullet som kanskje var det som skulle til for å komme med, seier Vagstad.
Sterk tropp
Sportssjef Mork har
. Når han reiser til USA om eitt par veker, er det med ein tropp han er nøgd med.– Norge stiller med ein stor tropp med god breidde, der vi håpar på fleire gode resultat både i senior- og junior-VM, seier han. Vagstad er samd.
- Les også:
– Vi stiller med eit ganske sterkt lag, så det er håp om medalje. Men så må ein ha 100 prosent klaff for å vere med i medaljekampen, seier han.
– Kva øving er din favoritt?
– Det er parallell, som eg tok gull på i helga. Det er veldig intenst, der du køyrer to og to i heat med utslag. Veldig artig, seier han.
Medaljekandidat
Fiskaa Haugen var før sesongen ei av dei som fort kunne kjempa om ein plass i senior-VM, men har i år ikkje heilt funne toppforma.
- Les også:
Vagstad er glad for at han får selskap av lustringen til Steamboat Spring.
– Ho har slite litt med godkjensla etter at ho bytta ski, men ho er heilt utruleg god, seier Vagstad.
– Er det Sarah som har størst medaljesjanse av dykk to?
– Heilt klart.