Trekkjer seg som toppkandidat for å stoppa intern uro i KrF

Beate Husa var innstilt som fylkestopp for nye Vestland KrF, men i håp om å samla partiet seier ho no frå seg plassen.

Beate Husa

JAMT: Beate Husa trur det kunne blitt jamt om listetoppen i Vestlandet KrF mellom ho og Trude Brosvik frå Gulen. – Ingen god situasjon for framtida partiet, seier Husa.

Foto: NRK

– Eg ville veldig gjerne vore toppkandidat, men eg ser at det kan bli krevjande, seier Beate Husa til NRK.

Det var Bergens Tidende som først omtalte at Husa har trekt seg for førstekandidat for Vestland KrF.

Trudde på fleirtal

Det har vore murring internt i partiet etter at landsmøtet valde å gå inn for å gå i regjering med Høgre, Frp og Venstre i starten av november. Det har fått fleire som støtta venstresida i partiet til å melda seg ut.

Laurdag skal Vestland KrF ha sitt første nominasjonsmøte etter at fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane vart slått saman. Husa, som i dag er gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Hordaland KrF, trur det hadde blitt ein jamn kamp mellom ho og Trude Brosvik frå Gulen om toppvervet.

– Eg trur det kunne blitt ei veldig jamn avstemming og det opplever eg som vanskeleg og krevjande. Eg trur at partiet treng å gå saman som eit samla lag inn i nye Vestland etter den opprivande prosessen vi har vore gjennom i KrF, seier Husa.

– Er du redd for å tapa?

Eg trur at eg kanskje hadde vunne med knapp margin, men eg trur ikkje det er ein god situasjon for gruppa, Vestland KrF og meg sjølv å gjera dette. Då gir eg heller frå meg plassen og trur at det kan bli ei god liste om vi kan gå inn litt meir samla, svarar ho.

På kvar si side

Då Landsmøtet i KrF bestemte seg for å gå til høgre var Husa og Brosvik på kva si side. Husa støttar at partiet søker regjeringsmakt med Høgre, Frp og Venstre – Brosvik ville at partiet skulle gå mot Ap og Sp.

Det er litt av grunnen til at Husa no trekkjer seg.

– Dette er eit forsøk på å bidra til at partiet kan stå meir samla. Kanskje dette kan vera ein måte som gjer at begge partar ser at vi vil ha kvarandre med vidare, både dei som har vore raude og blå, seier Husa.

Trude brosvik

KLAR: Trude Brosvik frå Gulen er klar for å ta over førsteplassen på Vestland KrF si liste, etter at Beate Husa har trekt sitt kandidatur.

Foto: GUNHILD HJERMUNDRUD / NRK

For Brosvik, som no har segla opp som førstekandidat, kom Husa si avgjerd overraskande på.

– Det var overraskande. Det står respekt av det valet ho har tatt. Eg har veldig lyst til å vera Vestland KrF sin representant. Det er utfordrande å slå saman fylkeslaga med den runden partiet har vore gjennom, seier Brosvik.