Hopp til innhold

Tre lensmenn att i Sogn og Fjordane

Berre tre lensmenn i heile Sogn og Fjordane. Det er realiteten når det nye organisasjonskartet for politiet snart er ferdig.

Arne Johannessen

POLITILEIAR: Arne Johannessen er i gong med omorganiseringa av politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Christian Blom / NRK

– Vi startar 2018 med færre politikontor enn vi har hatt før, fortel Arne Johannessen.

Han er leiar for politiet i Sogn og Fjordane og har brukt den siste tida på å finne ut korleis politiet i fylket skal organiserast etter nærpolitireforma.

Dag Fiske, Tormod Hvattum og Inger Lill Lanes

LENSMENN: Dag Fiske (f.v.), Tormod Hvattum og Inger Lill Lanes blir lensmenn i høvesvis Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Foto: Fotomontasje / NRK

Etter omorganiseringa har Sogn og Fjordane blitt delt inn i tre lensmannsdistrikt: Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det skal vere tre politikontor i Nordfjord, fem i Sogn og seks i Sunnfjord lensmannsdistrikt.

Frå 1. mars skal dei nye einingane vere i drift. Kvart lensmannsdistrikt skal leiast av ein lensmann. Då vil det berre vere tre lensmenn att i heile fylket.

– Politikontora vil ikkje ha ein eigen lensmann, men ein dagleg leiar som har tittelen politioverbetjent, fortel Johannessen.

– Akseptabelt

Sven Flo

STRYN: Sven Flo seier at dei aksepterer at lensmannsfunksjonen blir flytta frå Stryn.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Stryn er ein av kommunane som misser lensmannen. I Nordfjord vil lensmannen sitje på Nordfjordeid.

– Lensmannsfunksjonen er ein rein administrativ funksjon, så at ein flyttar den er akseptabelt for oss. Så lenge ein ikkje byrjar å flytte fagkompetanse og samlar den på ein stad i Nordfjord. Det hadde vi ikkje akseptert, seier ordførar i Stryn, Sven Flo.

Har flytta stillingar

Det har vore naudsynt å flytte fleire stillingar internt i politiet, i samband med omorganiseringa i Sogn og Fjordane.

– Allereie no ser vi at nedlegginga av operasjonssentralen i Florø har ført til at vi har flytta nokre stillingar til Førde, seier Johannessen.

Ola Teigen, ordførar i Flora, seier dei arbeidar for å få politistillingar tilbake til Florø.

– Postmottaket og arkivet skal flyttast hit. I tillegg er det snakk om å byggje opp kompetanse på digitalt politiarbeid og det kan bety nye arbeidsplassar i Florø, seier Teigen.

Går ei krevjande tid i møte

Arne Johannessen seier at dei står ovanfor fleire utfordringar i tida framover.

– Oppstarten i 2018 kjem til å vere krevjande. Vi er dårleg bemanna, det er det ingen tvil om.

Politisjefen lovar at det ikkje skal gå utover responstida til politiet.

– Det at vi legg ned kontor kjem ikkje til å gå utover responstida. Vi har og eit klart mål om å vere meir synlege og det trur eg vi skal få til, seier han.