Hopp til innhold

Slik skal Vest politidistrikt styrast

Tre driftseiningar og 14 tenesteeiningar. No har politimeisteren bestemt seg for korleis Vest politidistrikt skal organiserast.

Politihuset i Florø

SLUTT: Politiet i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt Florø som hovudsetet. No blir det flytta til Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Medan Hordaland blir delt inn i to driftseiningar, skal gamle Sogn og Fjordane politidistrikt halde fram som ei eining.

I ei pressemelding frå Vest politidistrikt kjem det fram at hovudsetet i Sogn og Fjordane blir flytta frå Florø til Førde. Dette var ukjent nytt for Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

OVERRASKA: Ola Teigen (Ap) er overraska over avgjerda til Politidistrikt Vest.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Dette overraskar meg. Politimeister Kaare Songstad har sagt at han vil satse i Florø, at huset skal fyllast med aktivitet og nye politifaglege miljø. For meg verkar dette for å vere ei nedbygging, seier han til NRK.

Blir som i dag

I tillegg til å bli hovudsete for politiet i Sogn og Fjordane, får Førde halde fram som administrasjonsstad for tenesteeininga i Sunnfjord. Nordfjordeid og Sogndal blir administrasjonsstad for høvesvis Nordfjord og Sogn.

Prosjektleiar Helge Stave i «Prosjekt nytt politidistrikt», seier at det ikkje automatisk blir flytta stillingar frå Florø til Førde.

Helge Stave

MERKAR IKKJE: Helge Stave seier at det kan komme ei eller to nye stillingar til lensmannskontoret i Førde når dei no får hovudsetet for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Fagfunksjonane skal framleis liggje desentralisert i lensmannsdistrikta, og dei byggjer vi no opp. For Florø sin del vedtok vi nyleg å flytte fagmiljøet for arkiv frå Bergen til Florø, og vår felles etterforskingseining i Bergen vil ha personell i Florø, seier han.

– Må vere mobile

I pressemeldinga skriv politiet at kommunar og fagforeiningar har vore invitert til høyring om dei geografiske driftseiningane sine ansvarsområde og eventuelle endringar i lokalisering av leiinga i dei nye geografiske driftseiningane.

Forslaget til val av administrasjonsstader for tenesteeiningane byggjer på det totale arbeidet med nærpolitireforma og endring av tenestestrukturen i Vest politidistrikt.

Regionlensmann Dag Fiske

LENSMANN: Dag Fiske er i dag regionlensmann i Sunnfjord. I framtida blir også ansvaret for den geografiske driftseininga i Sogn og Fjordane lagt til stillinga.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Politidistriktet sin samansette arbeidsgruppe og deira rapport, samt risiko- og sårbarheits vurderinga (ROS-vurderinga), drøftingar i styringsgruppa, innspel frå kommunane i deira høyringssvar, har alle vore sentrale i valet av administrasjonsstad for politidistriktet sine tenesteiningar.

– Dei nye leiarane for dei geografiske driftseiningane må vere mobile og førebudd på å reise rundt i sin driftseining, skriv prosjektleiar Stave i pressemeldinga.

Ikkje ny bygningsmasse

Stave seier vidare at administrasjonen til leiaren kan ha ein desentralisert plassering, der administrativ fagkompetanse er lokalisert fleire stader i den geografiske driftseininga.

– Dei nye administrative einingane vil ikkje medføre oppbygging av ny og større bygningsmasse eller mange nye arbeidsplassar på det staden der leiaren av den geografiske driftseininga vil ha sitt administrasjonsstad. Det same gjeld for administrasjonsstaden for dei nye tenesteeiningane, som er lensmanns- og politistasjonsdistrikta, seier Stave.

– Vi jobbar no med bemanninga av dei nye tenesteiningane i politidistriktet. Fagstillingar vil i stor grad framleis ligge ute i einingane, avsluttar han.