Hopp til innhold

Totalkollaps for Florø i årets siste heimekamp

FLORØ (NRK): Eit effektivt Strømmen-lag øydela festen for Florø i årets siste heimekamp. Etter pause kollapsa Florø-laget totalt.

Florø fotball. Nicklas Frenderup

BEKLAGAR: Florø-keeper Nicklas Frenderup måtte plukke fem ballar ut av målet i løpet av kampen. Etterpå beklaga han til fansen som hadde møtt opp.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..
Florø fotball. Christer Hiusa, Stefan Aase og Halvor Solheim-Olsen

SKUFFA: Florø-spelarane var langt nede etter stortapet mot Strømmen. Frå venstre: Christer Husa, Stefan Aase og Halvor Solheim-Olsen.

Foto: Truls Kleiven

Etter å ha vore det beste laget på bana før pause hadde Florø eit håp om å snu 0–1 etter første omgang.

Men med fire scoringar på dryge 20 minutt kunne Strømmen ta med seg alle poenga heim att.

– Eg er sjokkert og det var pinleg. Å tape 5–1 framfor heimefansen er beklageleg. Dei scora altfor enkle mål, seier Florø-keeper Nicklas Frenderup.

– Heilt klart årsverste. Ein kollektiv kollaps etter pause, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Florø står no utan siger på ni kampar, og siste dei vann var i midten av august.

Passivt

Felles for alle måla til Strømmen var at forsvaret til heimelaget ikkje hang med. Dei tre første måla vart scora av Simen Berg Melby, Ulrich Ness og Stian Rasch. Alle tre gjorde det etter å ha blitt spelt aleine gjennom med keeper.

Dei to siste måla, scora av Ness igjen og Steinar Strømnes kom etter innlegg og corner, der dei fekk stå umarkert og avslutta.

Florø fotball vs Strømmen. Jubel

JUBEL: Bortelaget fekk mykje å jubla for etter å ha scora fem mål på bortebane.

Foto: Truls Kleiven

– Det var som ein sil med jævlig store hol. Det var store avstandar overalt og mange balltap. Dette var skrekkeleg dårleg, seier kaptein Vegard Gjermundstad.

Knappe 20 minutt før slutt vart bortelaget redusert til ti mann då Kristian Jahr var altfor seint ute i ei takling på Florø-spelar Alioune Ndour. Han fekk direkte raudt kort.

Med ein mann meir på bana tok Florø over banespelet på slutten og Stefan Aase fekk pynta litt på resultatet med si redusering rett før slutt.

Florø fotball. Torbjørn Aabrekk

I MÅL: Torbjørn Aabrekk scora for Florø i første omgang på ein flott volley, men vart vinka av for offside.

Foto: Truls Kleiven

Effektivt bortelag

Før pause var det Florø som hadde ballen mest og skapte dei fleste målsjansane. Men det var bortelaget som tok leiinga etter at Simen Berg Melby vart spelt gjennom på 16 meteren. Avslutninga sette han uttagbart opp i det høgre hjørnet.

Florø hadde også ein ball i nettet etter ein praktfull volley frå Torbjørn Aabrekk, men scoringa vart annullert for offside.

Elles er det verdt å nemna at Florø kunne by på alle fire årstidene i løpet av kampen. Kraftig vind, regn, sludd og periodar med sol var menyen vêrgudane hadde å by på. Så kaldt og surt var det, at innbytarane til Strømmen kom springande inn i pressebua for å få seg ein kopp kaffi.

Då laga møttest i den andre serierunden enda det 1–1.

Laster innhold, vennligst vent..