Hopp til innhold

Her sløkkjer brannmannen den farlege eingongsgrillen

Lat eingongsgrillen bli igjen heime! Det er brannvesenet si klare oppmoding til folk i Sør-Noreg. Seinast i går førte grilling til branntilløp i ein av dei største skogane på Vestlandet.

Sogn brann og redning Iks sløkker eingongsgrill

MÅTTE SLØKKJE: Tilsette i Sogn brann og redning Iks måtte torsdag sløkkje ein ulmande eingongsgrill.

Foto: Sogn brann og redning Iks

Det gjekk bra denne gongen, folk fekk varsla frå og brannvesenet kunne sløkkje der eingongsgrillen hadde stått på turplassen på Kaupangerskogen i Sogn.

Men tørt vêr og stor fare for skogbrann, gjer at kommunar over heile landet legg ned forbod mot bruk av eld i skog og mark.

– No har vi lagt ned det som blir kalla totalforbod mot å gjere opp eld i skog og mark. Det gjeld både på grillar og faste bålplassar, fortel Vidar Trettenes, som er brann- og redningssjef i Sogn brann og redning Iks.

Understrekar alvoret

Eit generelt bålforbod gjeld frå 15. april til 15. september kvart år. Totalforbodet kjem no i tillegg.

– Det er ikkje sikkert at alle får med seg totalforbodet heller, men det er for å understreke alvoret. Vi ser at folk ikkje respekterer det generelle forbodet og prøver å skru litt til i forhold til situasjonen vi er i no, seier Trettenes.

Berre denne veka har Sogn brann og redning hatt fleire branntilløp.

– Seinast i går var vi ute på ein liten skogbrann på eit areal på rundt 50 kvadratmeter. Det er stadige tilløp og folk forlèt bålplassar utan forsikre seg om at det skikkeleg sløkt. Jordsmonnet er så tørt at vi har valt å gjere dette grepet.

Forbod mange stader

Fleire kommunar i landet gjer det same. Ifølgje Rogaland brann og redning er skogbrannfaren for augneblinken stor, og indeksen er aukande.

– Det er veldig skummelt ute no. Det er knusktørt, seier brigadesjef Alf Egil Krohn.

Onsdag blei det innført totalforbod mot å gjere opp eld i skog og mark i rogalandskommunane Stavanger, Sandnes, Klepp, Time, Gjesdal, Rennesøy, Randaberg, Sola, Kvitsøy, Finnøy, Hå, Eigersund, Bjerkreim og Strand.

Også i Bamble, Drangedal, Kragerø og Porsgrunn kommune er det totalforbod mot bruk av open eld utandørs. I Kongsberg, Jevnaker, Drammen, Øvre Eiker, Lier, Nedre Eiker, Sigdal, Krødsherad, Svelvik og Sande er det totalforbod mot bålbrenning.

Stor skogbrannfare

Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen seier Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap følgjer situasjonen tett.

– I tillegg til lokal beredskap, har vi helikopterkapasitet som DSB leverer. Vi følgjer situasjonen frå dag til dag og plasserer helikopter geografisk etter korleis skogbrannvarselet er. Vi har dialog med brannsjefane og leiarstøttesystemet vårt, og direkte dialog med Meteorologisk institutt.

Rygh Pedersen viser til at det no er svært stor skogbrannfare i 15 fylke.

– Det er svært sjeldan at det er så høg brannfare så mange stader. Det er ikkje meldt nedbør av betydning dei næraste dagane, noko som vil forverre situasjonen.

– Her kan vi ikkje slappe av før vi får nedbør av betydning.