Hopp til innhold

Torghatten vurderte å trekkje seg frå Fjord1-kjøp

Lekkasjar frå hemmelege møte var på nippet til å velte heile salet av Fjord1. Det skriv fylkeskommunen sine rådgjevarar i Wiersholm i saksframlegget til fylkestinget fredag.

Lekkasjar kunne velta Fjord1-sal

BETENKT: Aleksander Øren Heen (Sp) liker ikkje opplysningar om at lekkasjar kunne ha stoppa salet av Fjord1.

Foto: Montasje / NRK

Den 11. november erfarte fleire media, mellom anna NRK, at Torghatten var kjøparen. Det var då framleis ei hemmeleg opplysing.

Lekkasjene medførte også at budgiver holdt på å trekke seg og stilte krav om at SFJ gjorde det som var nødvendig for å hindre spredning av sensitiv informasjon. Dette ble representantene på fylkestinget orientert om den 23. november 2015.

Utdrag frå saksframlegget til Fylkestinget

At lekkasjane kunne ha velta salet tykkjer fungerande fylkesgruppeleiar Aleksander Øren Heen (Sp) er betenkeleg.

– Eg skal ikkje skulda nokon, men viss politikarar har lekt ut sensitiv informasjon, som kunne ha drege ned verdien på eigarskapen til fylkeskommunen, så er det ikkje bra, seier han.

Prosessen rundt salet av Fjord1 har vore prega av hemmeleghald, møter har gått bak lukka dører og viktige dokument har vorte haldne utanfor syne for offentlegheita. For media og andre har lekkasjar ofte vore den einaste måten å få greie på kva som eigentleg føregjekk.

Øren Heen meiner det er eit dårleg argument for å rettferdiggjere lekkasjar.

– Verdiane det er snakk om er så store, at ein ikkje kan ta risikoen med å lekkja informasjon i hytt og pine.

– Meiner du at offentlegheita ikkje fortente innsyn, før vedtaket vart gjort?

– Offentlegheita skal ha innsyn og det fekk dei òg i denne saka. Dei fekk fullt innsyn i saksutgreiinga som vart lagt fram. Men det var kjøpsavtalar som vart unnatekne. Å gå ut med alle detaljar i ein kjøpsavtale er ikkje vanleg å gjera, heller ikkje når det offentlege er inne som eigar, seier Øren Heen.