Hopp til innhold

Fylkesrådmannen: Fjord1-vedtaket er lovleg

Fylkesrådmann Tore Eriksen har i dag lagt ut sakspapira til det ekstraordinære fylkestinget på fredag, møtet som skal avgjere om salet av Fjord1 er lovleg.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Føllling

PÅ LAG: Både fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner vedtaket er lovleg fatta.

Foto: Bård Siem / NRK

«Etter fylkesrådmannen si vurdering er det ikkje noko ved prosessen som leia opp til fylkestinget si handsaming 23. november 2015, eller ved sjølve handsaminga i fylkestinget, som tilseier at kravet til forsvarleg sakshandsaming har vore brote», står det i saksdokumentet frå Eriksen.

Spørsmålet om Fjord1-salet er lovleg er den einaste saka det ekstraordinære fylkestinget på fredag skal handsame, og kjem på bakgrunn av ein lovlegkontroll som Arbeidarpartiet, MDG, Venstre og SV sine 13 medlemer i fylkestinget kravde.

Dei partia meiner fylkestinget fekk alt for lita tid til å setje seg inn i kompliserte og hemmelege sakspapir før Fjord1-vedtaket.

Partia var del av mindretalet som tapte saka, då fylkestinget med 16 mot 15 stemmer vedtok å selje Fjord1 til Torghatten.

Men fylkesrådmannen er ikkje overraskande usamd, og meiner fylkestinget har fått tilstrekkeleg informasjon tidsnok. Han skriv på slutten av sin 27 sider lange gjennomgang at «det er på det reine at avgjerda er innhaldsmessig lovleg og er gjort av rett organ».

Innhabile rådgjevarar?

Bruken av rådgjevarar frå advokatfirmaet Wiersholm har også vore svært omstridd, og i lovlegkontrollen stilte mindretalet i fylkestinget spørsmål ved habiliteten deira.

Fylkeskommunen har bede advokatfirmaet BA-HR vurdere habiliteten, og BA-HR kom 9. desember med følgjande konklusjon om rådgjevarane frå Wiersholm:

  • Ingen inhabilitet etter forvaltningslova.
  • Ingen brot på advokatetiske reglar frå selskap eller enkeltadvokatar.
  • Ingen interessekonflikt for Wiersholm.

BA-HR vedgår i utgreiinga at dei har hatt, og for tida har to pågåande, oppdrag for dotterselskap i Torghatten-konsernet, nemleg Torghatten Nord AS og FosenNamsos Sjø AS. Men saksansvarleg for utgreiinga, advokat Sam E. Harris, har ikkje vore involvert i desse oppdraga.

Fylkesrådmannen støttar seg til denne konklusjonen frå BA-HR, og meiner det «ikkje har vore manglar ved habiliteten til fylkeskommunen sine rådgjevarar i saka»

Han innstiller på at salsvedtaket er gyldig og at kravet lovlegkontroll ikkje får utsetjande verknad. Om fylkestinget gjer vedtak i tråd med innstillinga, skal kravet om lovlegkontroll sendast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.