Hopp til innhold

Her er den «hemmelege» Fjord1-informasjonen

Leiinga i fylkeskommunen har til no halde korta tett til brystet når det gjeld mange av dokumenta som ligg til grunn for salet av Fjord1 til Torghatten. Men no har fylkesrådmann Tore Eriksen letta på sløret.

Offentleggjer sladda versjonar av omstridde Fjord1-dokument

FRIGJEV: Tre notat frå rådgjevarane som fylkeskommunen brukte i samband med Fjord1-saka vart offentleggjort i sterkt sladda versjonar onsdag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi ville normalt ha tatt tak i dette uansett, men vi har også hatt stort trykk frå politikarar og media. Då er det rett å gjere det no, seier Eriksen og seier dette ikkje kunne blitt gjort tidlegare av omsyn til eigne økonomiske interesser og andre aktørar i saka.

– Vi hadde bod inne frå ulike bodgjevarar som var gjevne konfidensielt. Den måtte vi halde. Det ligg også dokument inne der vi er avtaleforplikta om ikkje offentleggjere, seier fylkesrådmannen.

Tore Eriksen

GÅR IGJENNOM: Tore Eriksen er no i gang med å gå igjennom dokument i Fjord1-saka med tanke på frigjeving.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dokumenta som vart lagt fram onsdag ettermiddag/kveld er til dels sterkt sladda versjonar.

– I prinsippet er det forhold til bodgjevar som har gjeve oss informasjon som vi er forplikta til ikkje å gi ut. Så gjeld det avtaleverk som vi no inngår, og noko materiale knytt til kommande prosessar, held Eriksen fram.

Forhandla med fire

I dei no frigjevne dokumenta frå dei tidlegare så tilbaketrekte rådgjevarane frå konsulentselskapet Wiersholm går det fram at det frå juli til november i år var forhandlingar med fire ulike interessentar. Fjord1 vart bedne om spele inn moglege kjøparar 6. februar 2015. Det gjorde dei ikkje.

Ein mogleg kjøpar trekte seg då Fjord1 og Norled starta fusjonssamtaler. Ein av tilbydarane som er anonym protesterte på prosessen. Vedkomande kritiserte at dei ikkje har fått møte fylkeskommunen direkte og at dei ikkje fekk lik informasjon.

Rådgjevarane avviste kritikken. Ingen av tilbydarane fekk møte fylkeskommunen. Og alle fekk den same informasjon. Men Havila sat på meir informasjon som minoritetseigar.

Havila og forkjøpsrett

I eit notat frå 2. september meinte rådgjevarane fyrst at Havila hadde forkjøpsrett. I seinare notat har dei ombestemt seg.

I presentasjonen på fylkestinget 23. november konkluderte dei med at forkjøpsretten ikkje gjeld, sidan det er F1 Holding som blir selt, og ikkje aksjane i Fjord1.

Men dei kan ikkje sjå bort frå at det likevel kan bli snakk om forkjøpsrett. Det blir slått fast at ein rettsstrid om forkjøpsrett blir primært mellom Torghatten og Havila – ikkje fylkeskommunen.

Konkurransetilsynet

Torghatten føreset at Konkurransetilsynet godkjenner kjøpet. Behandlingstida er truleg 130 dagar.

Rådgjevarane forventar ei godkjenning, mellom anna fordi Torghatten og Fjord1 berre har konkurrert samstundes mot kvarandre to gonger på dei siste 16 ferjeanboda.

Det er også venta meir internasjonal konkurranse i åra som kjem.

Sikre Florø

Rådgjevarane seier dei heile tida har hatt som mål å sikre hovudkontoret og arbeidsplassane til Fjord1 i Florø. Dei seier kjøparane har hatt ulike haldningar til dette og at ingen andre interessentar har gått så langt som Torghatten for å sikre og gjere sannsynleg hovudkontor i Florø.

– Forretningsmodellen og historia til Torghatten tilseier at dei vil halde på Florø. Dei har i dag fire dotterselskap i bransjen med hovudkontor i Brønnøysund, Tromsø, Trondheim og Horten.

Aksjonæravtalen garanterer hovudkontor til 2020. Men rådgjevarane forventar at Torghatten vil drive desentralisert også etter dette, fordi det er slik dei plar gjere.

Kvifor ikkje vente?

Rådgjevarane meiner alternativet til å selje no, er å vente i minimum 3–5 år. Årsaka, seier dei, er at marknaden ikkje vil ha tillit til ein ny salsprosess.