Transportgiganten vil kjøpe Fjord1

Konsernsjef i Torghatten ASA, Brynjar Forbergskog, stadfestar at dei er interesserte i å kjøpe Fjord1. – Det er eit godt og veldrive selskap, seier konsernsjefen.

Brynjar Forbergskog

TRANSPORTGIGANT: Torghatten ASA og konsernsjef Brynjar Forbergskog har ei årleg omsetning på ca. 8,2 milliardar og om lag 4500 tilsette. No vil dei ha Fjord1 inn i selskapet.

Foto: Hildegunn Tjøsvoll / Avisa Nordland
Eirik Hildal
Journalist

Fylkesrådmann Tore Eriksen rår fylkespolitikarane til å selje Fjord1 til den nordnorske transportgiganten Torghatten, og Torghatten vil kjøpe.

– Eg kan stadfeste at vi har registrert at fylkeskommunen vurderer eit sal av aksjeposten, og det er rett at vi er interesserte i aksjeposten, seier Forbergskog til NRK torsdag kveld.

Lovar å halde hovudkontor og arbeidsplassar i fylket

Torghatten ASA har hovudkontor i Brønnøysund og er eit av dei største transportkonserna i landet, med ei årleg omsetning på ca. 8,2 milliardar kroner og om lag 4500 tilsette. Hovudverksemda er innanfor transport på sjø, på land og i lufta.

Fjord1 har 1300 tilsette og omsette i fjor for 2,3 milliardar kroner. Hovudkontoret ligg i Florø. Slik vil det bli også i framtida, dersom Torghatten får kjøpe, lovar Forbergskog.

– Dersom vi kjøper selskapet ønsker vi å drive det på same måte basis som i dag, med hovudkontor i Florø som tidlegare og med arbeidsplassane der dei er.

– Godt og veldrive selskap

Den siste halvårsrekneskapen viste eit overskot på 31 millionar for Fjord1, og nye prognosar indikerer eit overskot på nær ein halv milliard innan tre år.

– Vi synest Fjord1 er eit godt og veldrive selskap. Vi skal jobbe for å styrke selskapet i samarbeid med aksjonærar som er i selskapet, seier Forbergskog.

Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, opplyser til NRK at han ikkje har sett innstillinga enno, og vil vente med å kommentere til han har gjort det.

Forbergskog og Torghatten vil ikkje kommentere Per Sævik og Havila sitt utspel om at Havila vil ta saka til retten, om dei ikkje får nytte forkjøpsretten.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.