Dette er striden rundt Norges største ferjeselskap

Striden rundt salet av Fjord1, Norges største ferjeselskap, kan vere forvirrande for mange. Her får du historia punkt for punkt.

MF "Bergensfjord"

FERJEGIGANTEN: Fjord1 har i dag ein flåte på 59 ferjer langs heile kysten. Spørsmålet er om Sogn og Fjordane fylkeskommune skal halde fram som største eigar.

Foto: Erik Ask

Måndag vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane, med 16 mot 15 stemmer, å selje Fjord1 til Torghatten.

Dermed kjøper Norges nest største trafikkselskap det største ferjeselskapet. Torghatten har om lag 8,2 milliardar i årleg omsetnad og 4500 tilsette, medan Fjord1 har 1300 tilsette og omsette for 2,3 milliardar i fjor.

Her er historia som leia fram til salet, der prislappen kan kome på over ein milliard.

Fjord1-historia punkt for punkt:

  • Fjord1 har sitt utspring i dei to tradisjonsrike fylkesreiarlaga Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF).
  • I 2001 danna Fylkesbaatane og MRF det nye konsernet Fjord1 Nordvestlandske.
  • I 2011 valde fylkestinget i Møre og Romsdal med 32 mot 15 røyster å selje sin eigarpost i Fjord1. Offshorereiarlaget Havilafjod AS betalte 362,3 millionar kroner for 41 prosent av aksjane i Fjord1.
    Før Havila-oppkjøpet kunne gå i boks, måtte Sogn og Fjordane ta stilling til om fylket ville nytte forkjøpsretten og bli eineeigar.
  • Sogn og Fjordane hadde også to andre moglegheiter: Selje seg heilt ut, slik som nabofylket, eller selje seg ned til 34 prosent. Fylkestinget vedtok til slutt å sleppe Havila inn på eigarsida, men samstundes halde på sine 59 prosent og dermed kontrollen over Fjord1.
  • Dotterselskapa Fjord1 Fylkesbaatane og Fjord1 MRF til Fjord1 AS vart i 2012 fusjonert til Fjord1 AS. Då var alt debatten kring Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt eigarskap godt i gang.
  • 3. mai 2013 vart det kjent at ei investorgruppe med Fjord1, Torghatten og Nordland fylkeskommune kjøpte 80 prosent flyselskapet Widerøe av SAS. Prislapp: Om lag 2 milliardar svenske kroner. Eit oppkjøp som så langt har vore dårleg butikk.
  • I 2013 starta også Sogn og Fjordane fylkeskommune si utgreiing om kor vidt ein skal halde fram som eigar, og i så fall kor stor eigarpost ein skal ha i framtida. Dei borgarlege partia har stått i spissen blant dei som vil selje, mens særleg Arbeidarpartiet har vore skeptiske.
  • I 2014 skapte intern uro i reiarlaget sitt styre store overskrifter. Mellom anna blei styreleiar Reidar Sandal kritisert for sin leiarstil.
  • Det vart også rabalder rundt om årsresultatet i selskapet var feilaktig.
  • Våren 2015 vart det kjent at Fjord1-leiinga i det stille hadde inngått ein intensjonsavtale med konkurrenten Norled om samanslåing av dei to selskapa. Eigarane, fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane visste fint lite, og fekk annullert avtalen. Dei var opprørt over at Fjord1 gjekk med fusjonsplanar, samstundes som dei jobba med å greie ut sin eigen eigarskap i selskapet.
  • Dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) har fått kritikk for manglande informasjonsflyt både i samband med det interne bråket, fusjonsplanane, og i vurderinga av eigarskapen.
  • Fjord1 har dei siste åra vore eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (59%) og offshorereiarlaget Havila (41%) i Ulsteinvik.
  • 12. november 2015 kom fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Tore Eriksen, med si tilråding, basert på råd frå eksterne konsulentar som har vurdert fylkeskommunen sin eigarskap: Han ville selje Fjord1 til Torghatten.
  • 23. november sa dei ni medlemmane i fylkesutvalet at dei ville utsetje saka. Men same dag vedtok fylkestinget med knappast mogleg margin, 16 (Senterpartiet, Framstegspartiet, KrF og to stemmer frå Høgre) mot 15 (Arbeidarpartiet, SV, Venstre, MDG og to frå Høgre) stemmer å selje Fjord1 til Torghatten.
  • I etterkant har kritikken vore stor, mellom anna frå minoritetseigar Per Sævik, sjefen i Sparebanken Vest og frå professor Frank Aarebrot
  • 4. desember: Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og 12 andre medlemmer i fylkestinget meiner vedtaket om sal var ulovleg.
  • 7. desember: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) vedgår at dialogen mellom fylkeskommunen og Fjord1 har vore for dårleg.
  • 7. desember: Det blir kunngjort at fylkestinget blir samla 18. desember til ekstraordinært møte om Fjord1-saka. Advokat Pål W. Lorentzen blir vald til ny styreleiar i Fjord1 etter Reidar Sandal.
  • 7. desember: Fylkesordførar Jenny Følling går no hardt ut mot avisa Firda sitt oppslag om ei påstått kopling mellom ho, ein tidlegare Fjord1-direktør og samrøre med Torghatten.
  • 9. desember: Fylkestingsrepresentant Marita Aarvik (Frp) røysta for sal av Fjord1 til Torghatten. Den 8. desember angra ho og ville seie nei, men i løpet av natta har ho endra sitt syn tilbake til eit tydeleg ja til salet.
  • 10. desember: Fylkesrådmann Tore Eriksen offentleggjer fleire dokument som til no har vore halde hemmelege i Fjord1-saka.
  • 10. desember: Sjøfolka på ferjene til Fjord1 er spente på utfallet i saka og håpar på snarleg avklaring.
  • 10. desember: Toppleiaren i Torghatten, Brynjar Forbergskog, hudflettar den nyleg avgåtte Fjord1-leiinga si handtering av salsprosessen i ferjeselskapet. «Komplett illojalt overfor eigar»og «håplaust» er karakteristikkar som blir brukte.

Kjelder: NRK, Fjord1, Torghatten, Møre og Romsdal fylkeskommune, Wikipedia.