Hopp til innhold

Tore Storehaug i Brussel: – Vi er redde

– Folk er redde og nervøse i Brussel i dag, seier Tore Storehaug frå Askvoll, som er i byen.

Metro Brussel, eksplosjon

EKSPLOSJONAR: 23 personar er så langt omkomne i to eksplosjonar i Brussel.

Foto: REUTERS TV / Reuters

I dag tidleg vart minst 13 personar drepne i eit sjølvmordsåttak på flyplassen, og seinare har minst 10 personar mista livet i eksplosjonar på undergrunnen.

Tore Slettehaug

TRYGG: Tore Storehaug Askvoll vakna til sirener tysdag morgon.

Foto: Peter Lang

– Eg er midt i Brussel, på kontoret til det europeiske folkepartiet. Det er eit par hundre meter frå T-banestasjonen der bomba gjekk av, fortel KrF-politikar Tore Storehaug til NRK.

– Folk er nervøse og prøver å halde seg oppdaterte på om folk vi kjenner har det bra. Vi får ikkje gjort mykje arbeid.

Vakna til sirener

Storehaug er glad for at han landa på flyplassen måndag kveld, og ikkje tysdag morgon slik som var planen. I dag tidleg vakna han til sirener og forstod at noko var gale.

– Eg vakna til sirener frå politi og ambulanse. Eg skjønte at noko ikkje var heilt rett. Då las eg om bombeangrepet på flyplassen. Så gjekk eg hit til kontoret. Samstundes gjekk bomba av på metrostasjonen.

– Korleis var stemninga då du var ute?

– Eg reagerte mest på at var mykje politi og soldatar som var ute, spesielt rundt ambassadane der militærkøyretøy sette opp blokadar. Det var veldig framandt og veldig annleis enn ved tidlegare besøk i byen.

Vil halde seg i ro

UDI oppmodar folk i Brussel om å halde seg i ro. Storehaug har ikkje planer om å gjere noko anna. Han seier han har mange kjenningar i byen, men at det førebels ser ut til at det har gått bra med alle.

– Eg vil halde meg inne og prøve å oppdatere meg på nyhenda. Når ting roar seg, vil eg gå tilbake til hotellet og vurdere korleis eg skal komme meg heim, seier han.

– Kva tankar gjer du deg om det som har skjedd?

– Det er veldig, veldig tragisk og ein kjenner seg veldig sårbar. Eg forstår folk blir redde, men nok ein gang viser det at det er viktigare enn nokon gong å stå opp og samle seg om norske og europeiske verdiar.

Etter planen skal Storehaug fly via Amsterdam til Norge onsdag kveld.

– Eg vil nok heller prøve å komme meg til Amsterdam, og ta direktefly derifrå.

Direkte Brussel
Laster innhold, vennligst vent..