NRK Meny
Normal

Ber Helse Førde-styret gå

Helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe, meiner styret i Helse Førde framstår som destruktive.

Styremøte i Helse Førde

GÅ AV: Styret i Helse Førde bør gå av eller endre kurs, meiner Kjersti Toppe, Senterpartiet sin nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fredag vedtok styret å framskunde nedlegging av ortopedien på Nordfjordeid, mellom anna fordi legar har kritisert omorganiseringa i media.

Helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe, meiner styret anten må endre kurs eller gå av.

– Anten må det ei heilt anna haldning til, eller så må dei finne noko anna å gjere, seier Toppe, som også er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

– Destruktivt

Senterpartiet si helsepolitiske talskvinne har lenge vore kritisk til styret i Helse Førde. Ho har mellom anna hatt liten sans for fleire av vedtaka som fører til omfattande kutt ved lokalsjukehusa.

Kjersti Toppe

NOK: Kjersti Toppe (Sp) har lenge vore kritisk til styret i Helse Førde.

Foto: Paul Sigve Amundsen

Styrevedtaket sist fredag var dropen som fekk begeret til å renne over. Seinast innan utgangen av året skal ortopedien i Eid. Det skulle opphavleg leggjast ned først i tredje kvartal 2012.

– Det som skjer no er destruktivt, og dei må komme på ein heilt annan kjøl i denne saka for å byggje opp tillit og byggje opp helsetilbodet i Sogn og Fjordane. For denne runddansen og avstraffinga som ser ut til å skje no, den er så negativ. Eg fryktar det til sjuande og sist vil gå utover pasienttilbodet, seier Toppe.

Vil ikkje kommentere

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, vil ikkje kommentere kritikken frå Toppe.

Oddvard Nilsen

INGE PLANER: Oddvard Nilsen har ingen planer om å gjere endringar i Helse Førde-styret.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Oddvard Nilsen, styreleiar i Helse Vest, seier han har ingen planar om å skifte ut styret i Helse Førde.

– Det er det system og tidspunkt for. Eg held meg til leiarane mine og føretaksmøta vi har, og dei oppgåvene eg har og får der. Så skjønar eg at politikarar av og til har behov for å uttale seg, men eg har gjort som prinsipp å ikkje kommentere det, seier han.

– Gjer det som er rett

Nilsen har ingen tru på at framskundinga er noko hemn.

– Dette er sjølvstendige rettslege objekt, styret i Helse Førde. Dei gjer sine vedtak ut frå det dei meiner er rett til ei kvar tid, seier han.

Ortoped Mads Petterson ved Nordfjord sjukehus, forstår at det kjem krav om å skifte ut styret i Helse Førde. Han meiner det er eit uforsvarleg vedtak å framskunde nedlegginga i Eid.

Må ut av fylket

– Styret har ikkje all informasjon om kva dette fører til. Dei har ikkje gjort noko konsekvensanalyse av kva vedtaket fører til, seier han.

– Slik du ser det, kva skjer med pasientane når dette blir lagt ned så raskt.

– Det er minst 400 pasientar som årleg må ut av fylket for ortopedisk og kirurgisk behandling, og minst eit par tusen pasientar som må ut av fylket for vurdering av operasjon. Det gjeld i hovudsak pasientar for kikholskirurgi, men også ryggpasientar.

– Det er ukultur

Toppe meiner Helse Førde har ein stor jobb med å vinne att tilliten.

– Helse Førde har ei stor utfordring i høve til å skape legitimitet hos folk og fagfolk. Det som skjer no er ukultur, meiner ho.

– Bør ikkje legane vere lojale mot vedtak som er gjort? Dei går ut med eigne pressekonferansar og protesterer mot vedtak som er gjort av styret i Helse Førde. Er det bra?

– Fagfolk skal kunne snakke med pressa, dei skal kunne snakke med folkevalde. Det er det som er mitt poeng. Så skal dei også rette seg etter vedtak, men dei må ha lov til å ytre seg i dei prosessane som skjer.

Vegopning på Bergum i Førde kommune