Hopp til innhold

- Vi vil ikkje lenger finne oss i å gå i eit planlagt underskot

Styret i Helse Førde krev at Helse Vest tek rekninga for sjukehusvedtaket.

Jon Bolstad og Clara Øberg på styremøte i Helse Førde

KREV KOMPENSASJON: Clara Øberg krev at Helse Vest kompenserer for meirutgiftene som følgje av regjeringa sitt sjukehusvedtak.

Foto: Bård Siem / NRK

På styremøtet fredag vedtok styret i Helse Førde at dei vil krevje full kompensasjon frå Helse Vest for dei meirutgiftene dei får som følgje av regjeringa sitt sjukehusvedtak.

Usikkert kven som skal ta rekninga

Helse Førde vedtok i fjor sommar å leggje ned ortopedi- og fødetilbodet både i Eid og i Lærdal. Men regjeringa ville det annleis, og har pålagt Helse Førde å ha fødestover ved begge lokalsjukehusa og ortopedi i Lærdal.

Dette vedtaket inneberer langt meir enn kva Helse Førde har budsjettert med og helseføretaket meiner difor Helse Vest må ta rekninga.

- Uakseptabelt med planlagt underskot

Helse Førde har no rekna på det og meiner dette vil koste dei over 90 millionar kroner i året. Desse pengane vil helseføretaket ha kompensasjon for.

Styreleiar Clara Øberg seier Helse Vest må endre fordelingsnøkkelen slik at Helse Førde får meir pengar.

- Helse Vest må få til ein inntektsmodell som sikrar at vi får kompensasjon for desse kostnadane i framtida, seier Øberg.

- Vi vil ikkje lenger finne oss i å gå i eit planlagt underskot, seier Øberg til NRK.no.

Tidlegare i juni ville ikkje styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest seie om dei vil ta på seg rekninga. Nilsen sa då at dei ville sjå meir på reknestykket og truleg ta opp saka på eit styremøte den 22. juni.