Hopp til innhold

- Helseministeren må komme å snakke med dei tilsette i Nordfjord

Eid-ordføraren vil at helsministeren skal snakke direkte med sjukehustilsette på Nordfjordeid.

Sonja Edvardsen

VIL HA MINISTERBESØK: Eid-ordførar Sonja Edvardsen meiner helseministeren må snakke direkte med dei tilsette ved Nordfjord sjukehus.

Foto: NRK

Helse Førde-styret gjekk fredag inn for å framskunde nedlegginga av ortopediavldeinga ved Nordfjord sjukehus.

- Dette går ikkje

Eid-ordførar Sonja Edvardsen meiner styret med dette viser at dei har problem med å ta innover seg sentrale polititiske signal og vedtak.

Ho viser til stortingsfleirtalet som i samband med handsaminga av Nasjonal helseplan seier at lokalsjukehus skal ha eit kirurgisk tilbod.

- Skal dei ta vekk ortopedien som vedtaket seier, så meiner eg dei ikkje følgjer opp Nasjonal helseplan, seier Edvardsen til NRK.

Inviterer helseministeren

Edvardsen vil no invitere helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen til Nordfjordeid for å møte dei sjukehustilsette.

- Slik situasjonen er no, er det viktig at statsråden blir informert direkte frå dei tilsette og tillitsvalde ved Nordfjord sjukehus for å finne ut kva som er det beste framover for situasjonen, seier Edvardsen.