NRK Meny
Normal

Tok farvel med vegbyggaren Kjell Opseth

FØRDE KYRKJE (NRK): Familie, vener, partifellar og det offentlege Norge kom saman i Førde kyrkje for å ta farvel med samfunnsbyggaren Kjell Opseth.

Gravferda til Kjell Opseth

EIT SISTE FARVEL: Kjell Opseth døydde 3. desember. I dag blei han gravlagd.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På kista låg eit hjartekrans av raude roser. Blomen som betyr så mykje for arbeidarrørsla.

I kyrkja song dei salmar som "Kjærlighet fra Gud" og "Deilig er jorden", men også arbeidarsongen "De unge slekter". I tillegg framførte artisten Odd Erik Lothe «Sogn og Fjordane»-songen til Ottar Wiik saman med eit barnekor frå Førde barneskule.

Kjell Opseth var kjent som far til Gardermoen og Lærdalstunnelen. Ein politisk slitar med jarnvilje. Søndag 3. desember gjekk han bort.

Stor respekt

Ketil Solvik-Olsen

TAKKA: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) takka for den store innsatsen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) heldt tale i gravferda i dag.

– På vegner av regjeringa seier eg farvel med ein samfunnsbyggar. Det står respekt av 20 år på Stortinget. Og sju år i regjering, med eit så godt ettermæle, det høyrer til det sjeldne.

Han framheva Opseth si evne til å navigere i det politiske landskapet.

– Gardermoen som hovudflyplass blei det krangla om i 40 år. Det seier sitt at han greidde å både få den vedteke og starta bygging i løpet av si tid. I departementet er han framleis respektert. Det vart sagt at han kom tidleg på jobb, og gjekk seint heim. Det er med stor takksemd og respekt at vi takkar for hans store innsats.

Takka familien

Martin Kolberg

I SAME PARTI: Martin Kolberg (Ap) sa at Opseth var ein god partifelle.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stortingsrepresentant Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet sa i sin tale at Kjell Opseth var ein god partifelle og ein ekte sosialdemokrat.

– Å vere medlem i Gro sine regjeringer kunne vere krevjande. Ho stilte høge krav. Men Kjell innfridde alle dei krava. Var han kontroversiell? Ja, sjølvsagt. Det høyrer med til storpolitikkens vesen. Men Kjell var villig til å betale den prisen. Det norske Arbeidarparti seier takk og farvel til Kjell, for alt han stod for, og alt han gjorde.

Solveig Willis

STOR RESPEKT: Solveig Willis i fylkeslaget til Arbeidarpartiet minnast Opseth med respekt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fungerande fylkesleiar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Solveig Willis, takka familien til Opseth.

– Takk til familien for at de delte Kjell med oss i Arbeidarpartiet i 50 år. Vi minnast han med stor respekt.

Det var ei rad med helsingar. Mellom anna frå Helse Førde, Førde kommune, Narvik kommune, LO i Sogn og Fjordane, Kvivsvegkameratane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Statsråd og vegbyggar

Opseth blei valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 1981 og sat til 2001.

Han blei etter kvart ein markant samferdslepolitikar og var samferdselsminister i Gro Harlem Brundtlands (Ap) si regjering frå 1990 til 1996.

Opseth sikra i sin tid bygging av den 24 kilometer lange Lærdalstunnelen i heimfylket. Han var også kommunal- og regionalminister i Thorbjørn Jagland (Ap) si regjering frå 1996 til 1997.

Ei rekkje samfunnstoppar har fortalt om kva Opseth betydde for dei, og for Norge.

Kommentatorar fortel om ein handlekraftig og ujålete politikar, som samtidig var lun og beskjeden.

Gravferda til Kjell Opseth

GRAVLAGD: Kjell Opseth blei gravlagd på kyrkjegarden ved Førde kyrkje.

Foto: Arne Stubhaug / NRK