– Han var ein lun, humoristisk type når du fekk snakke med han på tomannshand

– Han var rett mann, på rett plass, til rett tid, seier tidlegare politisk journalist Eldgrim Fossheim om Kjell Opseth. Han dreg fram Ap-mannen si veldige handlekraft.

TENKTE LANGSIKTIG: Tidlegare politisk journalist i NRK Sogn og Fjordane, Eldgrim Fossheim, om Kjell Opseth i NRK Vestlandsrevyen.

– Han var resultatorientert, han var pragmatisk tenkande og han var handlekraftig. Han var også ein litt sta person, han tenkte langsiktig og han hadde ei enorm gjennomføringskraft.

Kjell Opseth

MARKANT: Kjell Opseth blir rekna som den fremste pragmatikaren i norsk politikk etter krigen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Slik skildrar tidlegare politisk journalist og kommentator i NRK Sogn og Fjordane, Eldgrim Fossheim, Kjell Opseth. Som journalist fekk Fossheim også sjå ei litt anna side av Opseth.

– Han var ein beskjeden mann på eigne vegne. Han var ein lun humoristisk type når vi snakka saman på tomannshand. Kanskje vart han litt undervurdert av andre politikarar, men han sette seg fort i respekt.

At Opseth fekk gjennomført mykje som politikar trur Fossheim har fleire årsaker.

– Han var rett mann på rett plass, til rett tid. Då han kom inn i regjeringa på starten av 1990-talet var det nedgangstider, og regjeringa sette i verk fleire tiltak for å motverke dette. Vegbygging var blant tinga som skulle få Norge på fote igjen, og Opseth kom dermed i det departementet der det skulle brukast pengar. Men det hadde også klart samanheng med han som type.

Fekk mange kallenamn

Det var ein politikar som sette lokale og nasjonale spor etter seg, som gjekk bort søndag. Kjell Opseth vart 81 år gamal. Arbeidarpartipolitikaren fekk ei rekkje kallenamn:

  • «Gardermoens far» då han som den 13. statsråden behandla og fekk gjennomslag for plasseringa av hovudflyplassen.
  • «Tunnelminister» fekk han for dei ti tunnelane i Sogn og Fjordane som han som samferdsleminister fekk gjennomslag for på 90-talet.
  • «Hestehandlaren» for handelen han gjorde med SV for å få realisert verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen.
Helge Robert Midtbø

FØREBILETE: Gruppeleiar i Førde Arbeidarparti, Helge Robert Midtbø, seier Kjell Opseth er hans politiske førebilete. – Han er mitt store politiske førebilete, seier Midtbø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det å ha ein politikar, som til dei grader har sett fotavtrykk etter seg, er med å motivere og inspirere oss som er politikarar i dag. Også dei som er yngre enn meg, er stolte av å høyre til same partilaget som Kjell Opseth, seier gruppeleiar i Førde Arbeidarparti Helge Robert Midtbø.

Sjølv om han hadde lagt den aktive politikarrolla på hylla, deltok Kjell Opseth til det siste i Førde Arbeidarparti.

– Både han og kona Hjørdis kom på alle årsmøte, medlemsmøte, nominasjonsmøte og politiske kafear. Han var alltid den første som kom, og hjelpte med å rigge til møta, seier gruppeleiar Helge Robert Midtbø.

La grunnlag for suksess

Dag H. Nestegard

BOK: Dag H. Nestegard skreiv bok om Kjell Opseth.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Opseth sat to år som kommunalminister, men Opseth vil nok bli hugsa best for dei seks åra han sat som samferdsleminister i Gro Harlem Brundtland (Ap) si regjering på 90-talet . Han bygde også flytoget.

Ikkje minst for saka om hovudflyplassen på Ringerike. Opseth fekk også realisert flytoget.

– I tillegg la han grunnlaget for Norwegian sin store suksess, fordi han som statsråd oppheva monopolet i lufta. Han privatiserte Telenor, som i vår tid er ein internasjonal suksess, seier Nestegard.

– Sosialdemokrat til beinet

Nestegard, som i fjor gav ut biografien om Opseth, skildrar politikaren som ein ekstremt pragmatisk, og veldig haldnings- og resultatorientert.

– Han hadde nærast eit eksistensielt behov for å få gjort noko. Det å få gjort noko konkret og få til noko handfast, var alltid det aller viktigaste, seier han og legg til:

– Kjell Opseth var sosialdemokrat til beinet, fullstendig ujålete og likte ikkje å snakke om seg sjølv, seier han.

Omtala i ny bok

Generalsekretær i Nato, og tidlegare statsminister, Jens Stoltenberg omtala dødsfallet på Twitter søndag.

Laster Twitter-innhold

Det gjorde også partifelle Anniken Huitfeldt.

Laster Twitter-innhold

Førde Arbeidarparti vil markere dødsfallet til Opseth.

– Det vil vere naturleg. Vi har eit 100-årsjubileum i Førde Arbeidarparti i år. Han vart omtala med heidersord under den markeringa og det kjem også ei bok som Ivar Svendsøy skriv, der han får sin plass, avsluttar Midtbø.