Hopp til innhold

Politiet snører nettet rundt norsk dopingmafia

Politiet køyrer hardt på mot det dei meiner er ein av dei største doping-ligaene i Noreg nokon sinne. No har dei tatt ut tiltale mot to nye menn, ein mann frå Sunnfjord og ein mann frå Østfold.

Beslag av doping i Måren i Høyanger

STORE BESLAG: Dette partiet med steroidar og hjelpestoff blei funne i den veglause grenda Måren ved Sognefjorden.

Foto: Politiet

Sunnfjordingen og østfoldingen skal ha blanta nnafrakta titusenvis av brukardosar med anabole steroidar. Dei to kjem i tillegg til dei som er er dømt, og i tillegg til dei sju som for tida møter i Bergen tingrett.

Politiet meiner at alle er ein del av ein mafia, som i fleire år forsynte store deler av den norske marknaden med anabole steroidar og andre stoff. Verdien blir rekna til å vere om lag 30 millionar kroner.

Dopingmidla blei produserte i Noreg og Sverige, og seld vidare til kundar over heile landet gjennom ulike nettbutikkar. Politiet kom heilt tilfeldig på sporet av det meiner er ein doping-mafia då dei var i eit hus i Bergen i ein annan samanheng.

Frakta doping over fjellet

No meiner politiet at dei har nok bevis til å føre to nye menn for retten i dopingsaka, truleg vil dette skje til hausten. Den eine av desse er ein 61 år gamal mann frå Østfold. Ifølgje tiltalen blei han brukt som sjåfør for dopingligaen.

Ved fleire høve i 2015 og 2016 køyrde han betydelege mengder dopingmiddel frå Bergen til ulike byar på Austlandet. Han transporterte også dopingmiddel frå Sverige til Noreg via gamlevegen over Svinesund, meiner politiet.

Den andre mannen som no er tiltalt, kjem opphavleg frå ein by i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Han har dei siste åra vore busett i Østfold og organiserte mykje av transporten av anabole steroidar og andre dopingmiddel, hevdar politiet.

Kan bli mafiadømt

Dei meiner at sunnfjordingen er ein del av dopingmafiaen, sjølv om han ikkje blir rekna som nokon hovudmann. Politiet kjem til å krevje at han blir dømt etter mafiaparagrafen, som kan gje betydeleg lengre fengselsstraff.

Dei siste månadane har nemleg to andre menn frå Sunnfjord vore nær kvar dag i ein trang rettssal i Bergen tingrett.

Dei to blir av politiet peika på som dei som planla og sette i gang handelen med dopingmiddel. Planar dei skal ha lagt medan dei sona saman i Bergen fengsel.

Sju tiltalte for retten

Ei svært omfattande etterforsking avslørte det største nettverket for produksjon og sal av dopingmiddel i Noreg. Politiet meiner at dopingsal via internett skaffa nettverket inntekter på over 30 millionar kroner.

  • Tiltalt nummer 1
    Mann (36) frå Sunnfjord

    Mannen frå Sogn og Fjordane blir rekna som ein av hovudmennene i saka. Han blei arrestert i Russland i 2016 og sat fengsla der i eit år før han blei utlevert til norsk politi.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 2
    Mann (37) frå Sunnfjord

    Sunnfjording busett i Bergen og ein av hovudmennene bak dopingnettverket, meiner politiet. Saman med tiltalt nummer ein skal han ha selt dopingmiddel med til saman 78 millionar mikrogram virkestoff.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 3
    Mann (30) frå Bergen

    Skal ha oppbevart og selt store mengder dopingmiddel via internett frå Bergen. Saman med tiltalt nummer 4 skal han også ha smulga doping frå Sverige til Noreg.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 4
    Mann (30) frå Bergen

    Tiltalt for frakt, oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Blant anna skal han ha oppbevart dopingmiddel heime.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 5
    Mann (29) frå Buskerud

    Tiltalt for å ha oppbevart og selt dopingmiddel frå eit lager i Buskerud. Han har lagt alle korta på bordet og har tilstått.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 6
    Mann (34) frå Buskerud

    Ein av mennene som blant anna skal ha bidratt med oppbevaring og sal av dopingmiddel over internett. Knytta til lageret i Buskerud.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 7
    Mann (28) frå Buskerud

    Skal ha bidratt til oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Som dei andre tiltalte skal han også sjølv ha brukt dopingmiddel.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 8
    Mann (46) frå Sunnfjord

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha vore sentral i organiseringa av transport av dopingmiddel.

  • Tiltalt nummer 9
    Mann (61) frå Østfold

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha transport store mengder dopingmiddel frå Bergen til Austlandet og frå Sverige til Noreg.