Hopp til innhold

– Dei dreiv dopinghandel om lag som eit kjøpesenter

BERGEN (NRK): På internett kunne kundane velje og vrake i ulike dopingpreparat som skulle gjere dei større og sterkare.

Beslag i den store dopingsaka

EIT LITE UTVAL: Tysdag synte politiet fram desse bileta til dommarane i Bergen tingrett. Dei er alle ein del av dei store dopingbeslaga i 2015 og 2016.

Foto: Politiet

Via ei rekkje ulike norske nettbutikkar dreiv «dopingmafiaen» import, produksjon og sal av alt frå anabole steroid til viagra.

I så store mengder at ein aldri har sett liknande i Noreg og til ein verdi på over 30 millionar kroner.

– Vi kan samanlikne det med eit kjøpesenter, der mange butikkar sel ulike variantar av dei ulike produkta, seier statsadvokat Trond Høvik.

Opererte på nettforum

Han er overtydd om at sju menn som dei neste vekene og månadane skal sitje i Bergen tingrett var heilt sentrale i eit kriminelt nettverk, som i stor grad opererte via internett. Politiet kallar sjølv etterforskinga og aksjonane for operasjon «Hush», oppkalla etter nettforumet Hushboard.

To menn frå Sunnfjord blir av politiet rekna som hovudmenn, medan tre menn frå Buskerud og to menn frå Bergen har hatt sentrale, men ikkje så viktige roller.

I retten kunne politioverbetjent Askel Rødland i dag syne fram meir av dei store beslaga politiet gjorde hausten 2015 og vinteren 2016. Det aller meste pakka inn i det som ser ut som legale legemiddel, anten som piller eller flytande væske.

Bilseljar nektar all skuld

Rødland leia etterforskinga i fleire år, men utover ein pressekonferanse i fjor haust har han ikkje uttalt seg til media. I retten heldt han seg strikt til fakta om blant anna skilnaden på doping innan idretten og i kriminelle miljø.

Men sjølv om politi og påtalemakt er overtydde om at det er mafiaverksemd dei sju mennene dreiv med i fleire år, er dei tiltalte og forsvararane deira av ei heilt anna oppfatning. Ein av dei tiltalte, ein bilseljar frå Bergen, nektar all skuld.

– Han har vore varetektsfengsla i åtte månader, han har vore i fleire politiavhøyr og han har gjeve ei forklaring til politiet der han nektar kjennskap til denne såkalla «Improved Shop», seier advokat Stein Erik Ottesen.

– Tøff periode

Han avviser på det sterkaste at hans klient er ein del av eit mafianettverk.

– Det har vore ein tøff periode. Først med varetekt og økonomiske utfordringar. I ettertid har det vore tøft å gå å vente på at denne saka skulle kome opp. Det har gått lang, lang tid, seier Ottesen.

Han er den einaste av dei sju tiltalte som nektar for alt. Den andre bergensaren og dei to sunnfjordingane innrømmer delvis straffskuld, medan tre menn frå Buskerud har lagt alle korta på bordet.

– For min klient vil denne saka først og fremst handle om straffeutmålinga, sa advokaten til den eine av «Buskerud-gjengen», Hilde Marie Ims i retten tysdag.

Roidboard nettbutikk

NETTBUTIKK: Politiet meiner at Roidshop var ein av nettbutikkane som blei styrt av personar frå eit kriminelt nettverk.

Foto: Skjermdump

Sju tiltalte for retten

Ei svært omfattande etterforsking avslørte det største nettverket for produksjon og sal av dopingmiddel i Noreg. Politiet meiner at dopingsal via internett skaffa nettverket inntekter på over 30 millionar kroner.

  • Tiltalt nummer 1
    Mann (36) frå Sunnfjord

    Mannen frå Sogn og Fjordane blir rekna som ein av hovudmennene i saka. Han blei arrestert i Russland i 2016 og sat fengsla der i eit år før han blei utlevert til norsk politi.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 2
    Mann (37) frå Sunnfjord

    Sunnfjording busett i Bergen og ein av hovudmennene bak dopingnettverket, meiner politiet. Saman med tiltalt nummer ein skal han ha selt dopingmiddel med til saman 78 millionar mikrogram virkestoff.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 3
    Mann (30) frå Bergen

    Skal ha oppbevart og selt store mengder dopingmiddel via internett frå Bergen. Saman med tiltalt nummer 4 skal han også ha smulga doping frå Sverige til Noreg.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 4
    Mann (30) frå Bergen

    Tiltalt for frakt, oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Blant anna skal han ha oppbevart dopingmiddel heime.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 5
    Mann (29) frå Buskerud

    Tiltalt for å ha oppbevart og selt dopingmiddel frå eit lager i Buskerud. Han har lagt alle korta på bordet og har tilstått.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 6
    Mann (34) frå Buskerud

    Ein av mennene som blant anna skal ha bidratt med oppbevaring og sal av dopingmiddel over internett. Knytta til lageret i Buskerud.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 7
    Mann (28) frå Buskerud

    Skal ha bidratt til oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Som dei andre tiltalte skal han også sjølv ha brukt dopingmiddel.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 8
    Mann (46) frå Sunnfjord

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha vore sentral i organiseringa av transport av dopingmiddel.

  • Tiltalt nummer 9
    Mann (61) frå Østfold

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha transport store mengder dopingmiddel frå Bergen til Austlandet og frå Sverige til Noreg.

Den største dopingsaka i Noreg

Måndag 21. januar møter sju menn frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud i ein av dei største rettssakene om dopingmiddel i Noreg nokon gong.