Hopp til innhold

Skal ha starta «dopingmafia» då dei sona saman i fengsel

BERGEN (NRK): Dei to sunnfjordingane skal ha planlagt og sett i gang nettverket som politiet meiner var ein «dopingmafia» medan dei sona på same stader.

Lyderhorn overgangsbolig

SONA HER: Begge sunnfjordingane som er tiltalt for å vere hovudmenn i den største dopingsaka i Noreg, sona slutten av ein tidlegare dom samtidig her i Lyderhorn overgangsbustad.

Foto: Statsbygg

Det er i alt sju menn som skal bruke vinteren og våren i Bergen tingrett. Dei er tiltalte i den største dopingsaka i Noreg nokosinne. Politiet vil ha dei dømde etter den såkalla mafiaparagrafen i straffelova.

– Det er ei sak om distribusjon av dopingmiddel over internett der det er brukt kryptert e-post. Strafferamma er på 12 års fengsel, sa aktor Trond Høvik til NRK i dag.

Men han skal leggje fram mykje bevis før tingretten feller ein dom over dei sju, og det starta han med i dag.

I si innleiing fortalde han blant anna om 36-åringen og 37-åringen frå Sunnfjord, som blir rekna som hovudmennene i den alvorlege saka.

Sona samstundes i Bergen

Politiet meiner at dei to planla dopingmafiaen medan dei framleis sona straffa dei fekk etter ei anna dopingsak, operasjon «Gullfugl».

– Denne saka førte med seg at dei to sona saman i Bjørgvin fengsel og Lyderhorn overgangsbustad i 2011. Mot slutten av året sleppte begge fri på prøve. Då var dei alt i gang med den nye verksemda, sa aktor Høvik til tingretten i dag.

Dei sju tiltalte skal svare for produksjon og omsetning av anabole steroid og andre dopingmiddel for over 30 millionar kroner.

Slike mengder har aldri før vore sett i Noreg og politiet meiner det meste av omsetning av doping i Noreg skjedde i dette nettverket frå 2011 til 2016.

Store dopingsaker.

LEGG FRAM BEVIS: Statsadvokat Trond Høvik skal det neste halve året leggje fram bevis for dopingnettverket i Bergen tingrett.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Nektar for mafiaverksemd

Kvar av dei sju tiltalte har to forsvarar i rettssaka, som skal vare heilt fram til juni. Men alt i dag var den eine sunnfjordingen sin advokat, Sol Elden, tydeleg i talen.

– Han vedgår å ha hatt med noko dopingmiddel å gjere. Men han erkjenner ikkje den fulle mengda som kjem fram i tiltalen. Han er også usamd i det aktor legg opp til at skal ha vore rolla hans og kva tidsperiode han skal svare for.

– Han er jo tiltalt etter mafiaparagrafen, men han er prinsipielt usamd i at dette skal ha vore eit organisert nettverk som kjem inn under den paragrafen, slår Elden fast.

Sju tiltalte for retten

Ei svært omfattande etterforsking avslørte det største nettverket for produksjon og sal av dopingmiddel i Noreg. Politiet meiner at dopingsal via internett skaffa nettverket inntekter på over 30 millionar kroner.

  • Tiltalt nummer 1
    Mann (36) frå Sunnfjord

    Mannen frå Sogn og Fjordane blir rekna som ein av hovudmennene i saka. Han blei arrestert i Russland i 2016 og sat fengsla der i eit år før han blei utlevert til norsk politi.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 2
    Mann (37) frå Sunnfjord

    Sunnfjording busett i Bergen og ein av hovudmennene bak dopingnettverket, meiner politiet. Saman med tiltalt nummer ein skal han ha selt dopingmiddel med til saman 78 millionar mikrogram virkestoff.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 3
    Mann (30) frå Bergen

    Skal ha oppbevart og selt store mengder dopingmiddel via internett frå Bergen. Saman med tiltalt nummer 4 skal han også ha smulga doping frå Sverige til Noreg.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 4
    Mann (30) frå Bergen

    Tiltalt for frakt, oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Blant anna skal han ha oppbevart dopingmiddel heime.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 5
    Mann (29) frå Buskerud

    Tiltalt for å ha oppbevart og selt dopingmiddel frå eit lager i Buskerud. Han har lagt alle korta på bordet og har tilstått.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 6
    Mann (34) frå Buskerud

    Ein av mennene som blant anna skal ha bidratt med oppbevaring og sal av dopingmiddel over internett. Knytta til lageret i Buskerud.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 7
    Mann (28) frå Buskerud

    Skal ha bidratt til oppbevaring og sal av store mengder dopingmiddel. Som dei andre tiltalte skal han også sjølv ha brukt dopingmiddel.

    Silhuett mann
  • Tiltalt nummer 8
    Mann (46) frå Sunnfjord

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha vore sentral i organiseringa av transport av dopingmiddel.

  • Tiltalt nummer 9
    Mann (61) frå Østfold

    Har ikkje møtt i retten enda. Skal ha transport store mengder dopingmiddel frå Bergen til Austlandet og frå Sverige til Noreg.

Den største dopingsaka i Noreg

Måndag 21. januar møter sju menn frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud i ein av dei største rettssakene om dopingmiddel i Noreg nokon gong.

.