Hopp til innhold

Tjuverimysterium oppklara

Tre unge menn er arresterte for serieinnbrota i både Nordfjord og Sunnfjord.

Innbrot i butikk på Fjelli Stryn

INNBROT OPPKLARA: Politiet har teke tre gjerningsmenn i sakene.

Foto: Politiet

Saka blir oppdatert.

Politiet gjekk ut og etterspurde tips i saka, og i dag hadde dei fått inn nok tips frå folk til å ta gjerningspersonane.

Dette skreiv politiet i Nordfjord i dag på si facebookside:

«Tusen takk til alle som har delt innlegget. Eit av tipsa vi fekk inn vart heilt avgjerande. Ein særs takk til tipsaren frå Utvik. Han hadde fått med seg deler av kjennemerket på bilen. Andre tipsa oss om biltype. Dette førte oss etter kvart til rett bil».

Det har vore fleire grove tjuveri i den siste veka.

Ein Coop-butikk i Stryn har hatt eit grovt innbrot, og i Joker-butikkar i både Utvik og på Skei har det vore forsøkt gjort innbrot.

Politiet mistenkte at det var dei same gjerningspersonane som sto bak alle innbrota, og at det kunne vere lokale folk.