Hopp til innhold

Innbrot på Skei

Nokon har knust ei rute og brote opp ei dør i ein matbutikk på Skei i Jølster. Politiet har vore på staden for å gjere undersøkingar. Dei har snakka med dagleg leiar for butikken, men kan enno ikkje seie noko om kor mykje som er stole.