Hopp til innhold

Kritikk mot Florø barneskole i tilsynsrapport

Florø barneskole har hatt fleire saker som handlar om dårleg relasjon mellom lærar og elev – og det er funne ei rekke avvik.

Florø barneskole

FLEIRE AVVIK: I den førebelse rapporten frå Fylkesmannen får Florø barneskole kritikk på fleire punkt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

«Av innsendt elevsak går det fram at ein elev i lengre tid opplevde at skulemiljø ikkje var trygt og godt. Dette trass i at eleven hadde gitt uttrykk for dette til vaksne.»

Dette er berre ein av fleire forhold som blir omtalt i ein førebels tilsynsrapport frå Fylkesmannen.

Etter at foreldre varsla om moglege brot på opplæringslova, vart det opna tilsyn mot Florø barneskole i november i fjor.

I rapporten, som først vart omtalt i Firdaposten, blir det peika på fleire kritikkverdige hendingar.

  • Skulen har hatt fleire saker som gjeld dårleg relasjon mellom lærar-elev.
  • I ei av dei innsende elevsakene går det fram at ein tilsett ikkje varsla rektor slik tilsette har plikt til dersom ein tilsett ved skulen krenker elevar.
  • I innsendt elevsak viser skulens logg at det gjekk 2,5 veker frå rektor fekk kjennskap til at ein vaksen har krenka ein elev, til skuleeigar vart varsla.
  • I ei av dei innsende elevsakene går det fram at det var elevane som først varsla rektor og ikkje «to-læraren». Rektor vart ikkje varsla straks av tilsett slik lovverket seier.

I den førebelse rapporten blir det vist til fleire brot på opplæringslova. Denne lova vart endra i august i fjor, og det vart lovfesta ein nulltoleranse mot mobbing i skulen.

Snakka med mange

John Ole Vange

FYLDIG RAPPORT: Utdanningsdirektør John Ole Vange peikar på fleire brot i opplæringslova ved Florø barneskole.

Foto: Eli Eikensæ Vengen / NRK

Utdanningsdirektør John Ole Vange seier dei har snakka med alle partar for å danne seg eit best mogleg bilete av saka.

– Vi har snakka med elevar, foreldre, tilsette, leiing og kommuneleddet. I tillegg er det ei stor mengde skriftleg materiale.

– I ein av sakene kjem det fram at ein elev i lengre tid opplevde at skulemiljøet ikkje var trygt og godt, trass i at eleven hadde gitt uttrykk for dette til vaksne. Kva er di vurdering av det?

– Dersom ikkje det vert retta opp i, så er jo ikkje det i forhold til regelverket. Då må skulen gripe tak i sine rutinar med tanke på den delen, slik at slike ting ikkje skjer igjen.

Betre rutinar i dag

I rapporten kjem det fram at skulen fekk ca. 10 meldingar som handla om skulemiljøet, berre i 2016. Fleire av desse sakene handla om relasjon mellom vaksen og elev.

Knut Broberg

VENTAR: Rådmann i Flora kommune ventar med å kommentere til den endelege rapporten er ferdig.

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkesmannen skriv at skulen er i ferd med å forbetre rutinane sine, og at tilsette grip inn mot krenkingar.

Rådmann i Flora kommune, Knut Broberg, skriv at dei no vil bruke tid til å gå gjennom rapporten grundig. Og at det er grunn til å tru at dei vil kome med merknader.

– I og med at rapporten er førebels, er det difor ikkje grunn til å gi nokon kommentar ut over dette før den endelege rapporten er klar, seier han.