Hopp til innhold

Foreldra varsla Fylkesmannen - no blir det tilsyn mot barneskule i Florø

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har varsla tilsyn mot Florø barneskole, der mellom anna skulemiljøet til elevane skal undersøkast. Det skjer etter at foreldre har varsla om moglege brot på opplæringslova.

Florø barneskole

VARSLAR TILSYN: Fylkesmannen skal intervjue rektor, lærarar, elevar og foreldre ved Florø barneskole. Fokuset er skulemiljøet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi har sendt eit varsel om tilsyn til Flora kommune, då spesielt Florø barneskole med tanke på tilsyn, seier Helge Pedersen som er fungerande utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kommunen har fått frist til 15. januar med å sende inn dokumentasjon. Etter dette skal Fylkesmannen mellom anna intervjue 18 av lærarane på skulen i tillegg til rektor, oppvekstsjef og elevar.

Vurderer alltid klagesakene

– Vi vil alltid vurdere klagesaker og henvendingar frå foreldra, opp mot om det då vil vere aktuelt å gjennomføre tilsyn.

– Kan du på generell basis seie kva klagene ut på?

– Det vi har varsla tilsynet på er i forhold til skulemiljøet. Eleven har rett til å gå ha trygt og godt skulemiljø som skulen skal sørgje for. Tilsynet vil vere å sjekke ut om skulen har system i forhold til oppgåvene som er innanfor dette området.

– Det handlar om mobbing og dårleg miljø?

– Eleven har rett på eit trygt og godt skulemiljø. Det er dette vi må sjekke ut, om skulen har system for å ta i vare det.

Fryktar ikkje tilsynet

Terje Heggheim

ANSVAR FOR NI SKULAR: Rådmann Terje Heggheim seier kommunen jobbar godt med skulemiljøet.

Foto: Aleksander Åsnes

Rådmann Terje Heggheim i Flora kommune seier dei ikkje fryktar at Fylkesmannen skal ha eit tilsyn.

– Eg opplever at tilsyn også blir gjennomført fordi kommunen skal lære av tilsynet. Eg håper og forventar at dette er eit tilsyn som ikkje skil seg ut i så måte.

– Det er det psykososiale miljøet som skal undersøkjast. Trur du dette tilsynet kan vere med å betre miljøet?

– Vi kan aldri legge skjul på at det kan vere enkeltepisodar, ei mobbesak eller andre typar saker som gjer til at Fylkesmanen ønskjer å sjå på ein skule i kommune. Det er sjølvsagt slike saker vi skulle vore utan.

Han at kommunen jobbar godt med det psykososiale miljøet, både for elevar og for tilsette.

– Om tilsynet skulle avdekke noko anna, så er det mi oppgåve som rådmann å rette opp i dette så fort som mogleg.