Hopp til innhold

Tilsette fekk hatbrev og avføring på døra – politiet har starta etterforsking

Fleire tilsette ved Førde helsetun er rysta etter å ha blitt utsett for truande og sjikanerande åtferd. Saka er no av høg prioritet hjå politiet.

Stine Mari Vårdal

ETTERFORSKAR: Etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal i Vest politidistrikt fortel at politiet ser på saka som svært alvorleg.

Foto: Seline Larsen / NRK

Det er Dagbladet som i dag skriv om hendingane ved Førde helsetun.

Fleire skal ha fått brev, og i brevet som kom i oktober står det mellom anna: «Vi lurer veldig på om du er dum eller spelar dum» og «vi har god tru på at du hadde passa godt inn i helsevesenet i ditt eige heimland». «Helsing frå 2 kollegaer», står det til slutt.

Dagbladet skriv også at ein tilsett skal ha kome ut frå vakt og funne alle dekka på bilen tømde for luft. Fleire skal ha fått dekk punktert med ein skarp gjenstand, og ein annan fann bilen skrapa opp. Ei kvinne skal ha funne ein pose fylt med avføring utanfor døra heime. Dette skal vere same type pose som blir nytta ved helsesenteret.

Er rysta

Kurt Even Andersen

MØTE: Kommunalsjef Kurt Even Andersen seier dei tilsette blir tekne vare på.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kommunalsjef for helse- og omsorg, Kurt Even Andersen, seier han er rysta:

– Det er tre tilsette som har fått ubehagelege brev. Det er både brev som har kome no og tidlegare. Vi veit ikkje kven som har sendt dei. Avsendaren skriv at dei er kollegaer, men vi veit ikkje. Dette er veldig ubehageleg for dei tilsette, seier han til NRK.

Andersen fortel at det også kom eit brev for eit år sidan.

– Dette blei meld til politiet. Saka blei lagt vekk den gongen, men så har det kome nye brev no.

Førde Helsetun

RYSTA: Politiet etterforskar no hendingane ved Førde helsetun. Dei tilsette er rysta over det som har skjedd.

Foto: Seline Larsen / NRK

Møte med tilsette

Kommunen ser alvorleg på det som har skjedd, seier Andersen.

– Eg har aldri opplevd at tilsette får brev i den form og at det blir skrive at det er frå kollegaer. Dette er heldigvis ikkje noko vi opplever ofte.

Han seier dei har hatt personmøte i avdelinga og med dei som har fått brev.

– Vi har tilbode samtale med bedriftshelsetenesta og vi har gjennom dei bestilt ein organisasjonspsykolog som skal snakke om kva dette gjer med arbeidsmiljøet.

Etterforskar saka

Politiet fekk melding om det siste brevet i starten av oktober. Etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal ved Vest politidistrikt seier dei ser alvorleg på saka og at ho har prioritet.

– Vi har foreløpig ingen mistenkte i saka. No skal vi gjere ein del undersøkingar og avhøyre vitne. Vi ønskjer også hente inn fleire av breva.

Politiet tek også opp saka som blei lagt bort i fjor, og set breva i samanheng. Ho vil ikkje seie noko om korleis dei tilsette har fått breva.

– Det vil eg ikkje kommentere på det noverande tidspunktet.

– Korleis sjekkar det brevet de har?

– Vi har moglegheita til å sjekke mot fingeravtrykk og DNA.

Vårdal seier dei ikkje kjenner til hærverket på bilane, men seier dei skal følgje det opp.

– Men vi kjenner til posen med avføring. Denne saka er no meldt.

– Ser de desse sakene i samanheng?

Det er klart vi ser alt dette i samanheng, men vi held alle moglegheiter opne for at det kan vere same person eller fleire som står bak.

Fagforbunda og verneombod involvert

Vernetenesta og organisasjonane Fagforbundet, Sjukepleierforbundet og Delta opplyser i ei felles pressemelding at dei er informerte og er med i prosessen.

– Vi har ikkje nokre ytterlegare informasjon eller kommentarar i forhold til det kommunalsjefen har uttalt.