Hopp til innhold

Tilbyr norsk fjordluksus til kjendisar

NORDFJORDEID (NRK): Justin Bieber og Adele er blant stjernene som har vore på båttur med John Olav Lefdal. Denne helga skal artistar frå Malakoff Rockfestival få oppleve luksuslivet på sjøen.

John Olav Lefdal

TILBYR LUKSUSTURAR: Han er glad i båtar, og det set både kjendisar og andre rike folk stor pris på. Men mannen frå Nordfjordeid har fleire jern i elden. Han er også eigar av Lefdal Invest og dotterselskapet Nordrikk AS.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

John Olav Lefdal frå Nordfjordeid sladrar ikkje om gjestane sine. Det er nettopp difor dei kjem til han når dei vil oppleve den norske naturen frå ein luksusbåt.

Inne i Riva 135

KAPTEIN: John Olav Lefdal er ofte kaptein på eigen båt, men snart tek han sommarferie og overlèt styringa til nokre andre.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Vi er diskre og gjer som vi får beskjed om. Det er difor dei vel å ta turen med oss, meiner han.

Lefdal tek med seg verdskjende stjerner på båttur på fjordane. Nokre gongar går artistane sjølv ut og publiserer bilde frå båtturane.

– Då brukar vi det for alt det er verdt. Men luksus for dei er å ha privatliv og få fred og ro til å oppleve den fantastiske naturen her, fortel båteigaren.

Tidlegare har mellom anna songstjerner som Justin Bieber og Adele posta innlegg om båtturane på sosiale medier.

Riva 135

FJORDLUKSUS: Luksusyatchen Riva Italia 135 er 40 meter lang og har plass til kring 100 personar. Med denne tek Lefdal med seg kjendisar som vil ha fred og ro på sjøen. Den «vesle» båten nyttar han også jamt.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Samarbeider med Petter Stordalen

Båten hans ligg til kai i Nordfjordeid. Det er ein 40 meter lang yacht. Då den blei bygt i 1961 var det den raskaste yachten i verda. Lefdal har alltid vore oppteke av båtar og dette er ein Riva Italia. Han meiner båten er ein av dei flottaste i verda.

Roret i Riva 135

GAMALT OG NYTT: Roret er av gamletypen, men teknikken er oppdatert.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Det er ingen båtar som er dyrare enn Riva-båtane. Dei er også kåra til verdas beste og berre 22 forhandlarar i heile verda har lov til å selje dei. Eg er ein av dei.

Når dei store kjendisane sjekkar inn på Petter Stordalen sitt hotell «the Thief» på Tjuvholmen i Oslo, blir dei tipsa om tilbodet til Lefdal. Avstanden mellom Oslo og Nordfjordeid er ikkje lang for dei som har råd til å leige seg helikopter.

Baren til Riva 135

INNVENDIG: Mørkt treverk går att og mange av kundane nyttar seg av baren. På ein fem-timars tur kan Lefdal ha ei inntening på kring 100 000 kroner.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Store beløp

Det kostar 10 000 kronar i timen for å leige båten som tek 100 passasjerar. På ein fem timars tur brukar gjerne gjestane over 100 000 kronar i baren og 40 000 på mat, fortel han.

Arbeidshand

HARDT ARBEID: – Hendene er øydelagde av fiberklutar og oljesøl. Eg har ikkje vore heilt flink med meg sjølv. Men skal ein drive med båtar må alt vere på stell til ei kvar tid, seier Lefdal.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Men store pengesummar er ikkje alt. Det har til tider vore svært hektisk, innrømmer Lefdal.

– Det har ikkje kome gratis og nokon gonger har det gått på helsa laus.

I sommar tek han seg ein velfortent ferie. Han har leigd inn eit agentur som skal køyre båtane for han, og sjølv skal han ha to månadar sommarferie.

– Då skal eg reise land og strand rundt. Eg kjem også til å bruke mange timar på sjøen.

Utsikt frå Riva 135

NORDFJORDEID: Båten ligg no til kai i Nordfjordeid. Artistar frå Malakoff Rockfestival skal ut på båttur, men Lefdal avslørar ikkje kven.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

No står Malakoff artistane for tur

Kven som blir dei neste gjestane hans, vil han ikkje seie. Men no er det klart for Malakoff på Nordfjordeid med artistar som Karpe Diem, Biffy Claro og Åge Aleksandersen. Det kan vere ein av dei.

John Olav Lefdal

SISTE FINPUSS: – Det er viktig at alt er reint og skikkeleg, seier Lefdal.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK