Hopp til innhold

Tilbake etter 13 strake kampar som benkeslitar

Trass i at Even Hovland har vore gjennom sin lengste periode på benken, angrar han ikkje eitt sekund på at han reiste til Tyskland og Nürnberg.

Even Hovland (t.v.) i duell med Matthias Morys i den tyske cupen

SLO TILBAKE: Even Hovland håpar på fleire sjansar etter å endeleg ha fått spele ein heil kamp igjen for Nürnberg. Arkivfoto.

Foto: Daniel Maurer / Epa

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er nok den lengste perioden eg har hatt utan å spele kamp, men ein lærer forskjellig av dei periodane også, så ein må ikkje gi opp. Til slutt kjem sjansen, og min sjanse kom i går. Forhåpentlegvis får eg fleire no dei neste kampane.

Etter 13 kampar på benken for Nürnberg i 2. Bundesliga, fekk han fredag kveld endeleg sjansen igjen – attpåtil som kaptein.

– Det var godt å kome tilbake, seier ein letta sogning.

Kaptein i ny posisjon

Spelaren som normalt er å sjå på bana som midtstoppar, skildrar sin eigen innsats som høgreback som «heilt grei», sjølv om Nürnberg vann 2–1 mot Kaiserslautern.

– Det var ein ny posisjon og eg har vel berre spelt ein kamp i den posisjonen før. Det var ingen fantastisk fotballkamp vi leverte i går nokon av oss, og det vart ein slitesiger, men då er det ekstra herleg.

Den tyske klubben, som rykte ned rett før Hovland kom i 2014, har no sjansen til å klatre opp igjen. Med 47 poeng ligg Nürnberg, som nummer tre på tabellen, likt med laget på andre plass, og berre seks poeng bak serieleiaren.

Laget har ei lang, ubroten rekkje med sigrar bak seg, og dette er nok ein del av forklaringa på lite spel for Hovland, trur han sjølv. Men om dagens kamp gir nye sjansar i nær framtid, torer han ikkje spå.

– Det er ikkje godt å vite. No kjem han som har spelt der fast i år tilbake, så eg får berre ta det som det kjem. Men det gjekk greitt i går, og det viktigaste er trass alt at laget vinn.

Angrar ikkje eitt sekund

Sogningen vedgår at lite speletid i klubben kan påverke posisjonen hans på det norske landslaget. Men om gårsdagens kamp vil spele ei rolle er for tidleg å seie, meiner han.

– Det er landslagsleiinga som bestemmer det. Forhåpentlegvis får eg spele meir og meir framover, men det er vanskeleg å vite noko som helst. Vi må berre ta moglegheitene vi får og vise at vi fortener å spele fast.

Trass ei lang tørketid trivst han godt i Tyskland, og har ingen andre framtidsplanar utover å kjempe seg inn igjen på laget på meir fast basis.

– Det har vore eit fantastisk steg for min del å reise til Tyskland, og få prøve seg utanlands. Eg angrar ikkje eitt sekund på det.

Laster innhold, vennligst vent..