For eitt år sidan spelte han i 3. divisjon - i dag vart han teken ut på landslaget

I vinter kom Petter Strand og spurte om han kunne få trene med andrelaget til Sogndal. I dag vart han teken ut på det norske U21-landslaget.

Petter Strand

PÅ LANDSLAGET: Petter Strand har fått det store gjennombrotet i norsk toppfotball denne sesongen. Han har markert seg på midtbana til Sogndal, og no kom også uttaket på U21-landslaget.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg hadde som mål å komme med der, så det var moro, seier Petter Strand til NRK.no.

Han har visst om landslagsuttaket ein times tid då han snakkar med NRK. Det er første gongen han er teken ut i ein ordinær landslagstropp. Frå før har han vore på treningssamling med U21-landslaget.

På landslaget er bergensaren i selskap med Sogndal-kollega Mathias Dyngeland. Sjå heile uttaket i boksen til høgre.

På landslaget i rekordfart

Det er berre eitt år sidan Strand spelte i 3. divisjon for Tertnes i Bergen. Han var også innom Fyllingsdalen på lån, og først i vinter kom han til Sogndal - der han tok kontakt og spurte om å få vere med og trene med andrelaget til klubben.

Sidan då har 20-åringen utvikla seg i rekordfart, og i vårsesongen var han ein av dei dominerande spelarane på Sogndal.

– Det har gått veldig fort. Eg har teke store steg sidan i fjor. Men eg har alltid hatt ambisjonar om å spele på høgast mogleg nivå, og eg synest det berre er moro med nye utfordringar, seier Strand.

– Kan ikkje klage på denne veka

No håpar midtbanespelaren å etablere seg også på U21-landslaget, der han meiner han kan bidra både defensivt og offensivt.

Det gjorde han iallfall for Sogndal sist serierunde, der heimelaget endeleg fekk fart på sakene med 4-1 over Haugesund - og med Strand som ein sentral brikke.

– Eg kan ikkje klage på denne veka, gliser han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.