I går kveld var det nok ein gong eit ungt talent frå Bergen som sikra tre poeng for sogndølane. I dag er det godt å vere bergensar i Sogndal.
– Det var fantastisk herleg å kjenne at dei tre poenga var sikra, det følte eg var det viktigaste der og då, seier Tim Nilsen.
To minutt på overtid, på ekte Zlatan-vis sikra 21-åringen i går kveld tre nye poeng for Sogndal mot Sandnes Ulf.
- LES OGSÅ: Matchvinnar var ikkje nøgd
– Eg synst det var bra gjort av han. Det var akrobatisk, seier målvakt og bergensar Mathias Dyngedal.
Valde rett klubb
FRÅ FANA: Mathias Dyngeland tykkjer det var ekstra moro å slå Brann.
Foto: Arne Stubhaug / NRKDen unge målvakta seier det er utruleg artig å vere bergensar i Sogndal no.
– No slo vi Brann sist, noko som var ekstra moro. Vi har hatt ein god følelse no dei fire siste kampane, seier Dyngedal.
Sjølv har han fått tilbod som 15 åring å gå til utviklingsavdelinga i Brann, men valde heller Sogndal.
– No visar det seg at valet eg tok var riktig, seier han.
- LES OGSÅ: Sikra sigeren på overtid
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
FRÅ BERGEN: Fleire bergensarar har funne vegen til Sogndal Fotball.
Foto: Arne Stubhaug / NRKMange bergensarar
Spelarane godtar seg over 10 poeng på fire kampar. Og mens laget sin erkefiende Brann slit på kvalikplass, har desse Sogndal-spelarane ein ting til felles. Dei er alle bergensarar.
Petter Strand er frå Tertnes i Åsane, Mathias Dyngeland er frå Fana, Tim Nilsen frå Fyllingsdalen, Helge Haugen frå Flaktveit i Åsane og Kristoffer Nesse Stephensen er frå Bergen.
- LES OGSÅ:
– Vi er mykje bergensarar her no. Sogndal er flinke til å sjå utafor fylket etter gode fotballspelarar så det er bra, seier Petter Strand.
HERLEG Å SIKRE POENG: Tim Nilsen sikra søndag sigeren mot Sandnes Ulf.
Foto: Arne Stubhaug / NRKFor bergensarar som sikra sigeren på søndag har det vore ein draum å kunne spele for Brann på Brann stadion framfor 17.000 elleville bergensarar.
– Men no spelar eg for 4000 hylande sogningar, og det er heilt greitt, seier Tim Nielsen.
- LES OGSÅ: Strand senka brann