NRK Meny
Normal

Denne bilen skal bli endå meir verdifull

Utan skumbilen frå flyplassen i Sogndal kunne storbrannen i Lærdal i 2014 ha slukt endå fleire hus. No legg politikarane ein halv million kroner på bordet for å gi brannfolka sin eigen.

Guttorm Gullaksen

OMBYGGING: Denne nye tankbilen til Lærdal brannvesen blir no sendt til Danmark. Der skal delar av tanken kuttast av for å gje plass til eit skumskap og blandar.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Vi lærte mykje om brannsløkking under brannen i Lærdal for to år sidan. Vi såg kor vesentleg det var med tungskum i ein brann der vêr og vind gjorde at brannen spreidde seg fort, seier Lærdal-ordførar, Jan Geir Solheim (Sp).

Skummet stogga flammane

Han har ingenting å utsetje på brannvesenet i kommunen. No kan kommunestyret endeleg gje dei det dei har ønskt seg lenge: ein skumbil.

Bakteppet for investeringa ligg to år tilbake i tid. Seint laurdag 18. januar kom meldinga om bustadbrann. I kraftig vind spreidde flammane seg fort, over store område.

Branninfernoet viste seg vanskeleg å sløkkje, og ut på natta vart brannbilen frå Haukåsen lufthamn i Sogndal tilkalla.

Bilen er utstyrt med skum, og viste seg svært effektiv for å hindre at brannen utvikla seg vidare nedover i det verneverdige området på Lærdalsøyri.

Mannskap frå Haukåsen skumlegger eit hus i Lærdal.

I AKSJON: På bilete ser vi mannskap frå Haukåsen som skumlegg eit hus i Lærdal under storbrannen i januar 2014. Skummet, som er berekna for å sløkke flybrannar, viste seg svært effektivt for å hindre at brannen utvikla seg i det verneverdige området på Lærdalsøyri.

Foto: Odd Helge Brugrand

Styrker beredskapen

For ordførar Jan Geir Solheim gjorde storbrannen enormt inntrykk, og lærdommen vil dei bruke på å sikre seg enno betre.

– I dei sterke vindkasta forsvann vatnet i lufta. Vi hadde lettskum, men også det forsvann i lufta, fortel ordføraren om den vanskelege sløkkesituasjonen for to år sidan.

– Først då skumbilen frå Haukåsen kom fekk vi ein type skum som klebrar seg som ein seg masse til bygga, og som beskyttar vegger og tak, seier han og er glad dei no får på plass ein eigen.

– Dess nærare vi har slikt utstyr, dess raskare kan vi sløkkje ein eventuell brann.

Ny bil blir bygd om

I det kommunale infobladet Helg & Kvardag viser brannmeister Guttorm Gullaksen fram den nye tankbilen som no skal til Danmark for ombygging.

– Vi har ein heilt ny tankbil med 12.500 liter. Deler av tanken skal kuttast av, for å gi plass til eit skap med ein skumtank og skumblandar, seier han til NRK.no.

Skummet blir spruta ut frå ei kanon på taket av bilen, og kan styrast frå ein joystick inne i bilen eller utanfrå.

– Slikt skum kan også brukast til å sløkke til dømes bilbrannar. Får vi skumme ned ting, kjem det ikkje oksygen til, og då sloknar brannen, forklarar Gullaksen.

Guttorm Gullaksen

ALFA OMEGA: Brannmeister Guttorm Gullaksen er heilt overtydd om at ein eigen skumbil vil bidra til styrka beredskap for brannvesenet i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Alfa omega

Storbrannen i 2014 slukte tre verneverdige hus, og det har i ettertid blitt gjort fleire tiltak for å sikre den verna trehusbusetnaden på Lærdalsøyri.

Gullaksen er ikkje i tvil om at ein skumbil er viktig for framtidig beredskap.

– Dette betyr veldig mykje for måten vi planlegg og jobbar på i den verna trehusbusetnaden. Dette er alfa og omega for oss, seier brannmeisteren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.