Storbrannen slukte tre verneverdige hus - sjå bileta frå før og etter infernoet

Dei veldige flammane som herja på Lærdalsøyri natt til søndag forsynte seg grovt av kulturhistoriske skattar. NRK har sett saman før- og etterbilete av nokre av husa som gjekk tapt.

Riksantikvaren var raskt ute og kalla den dramatiske brannen i Lærdal for ein tragedie for den norske kulturarven.

Eit stort og staseleg bustadhus frå rundt 1840 er det største kulturhistoriske tapet etter storbrannen på Lærdalsøyri. Sønneva Eris hus låg før som ei idyllisk lita perle på Lærdalsøyri, no er det berre ei dyster brannruin – alt gjekk tapt.

NRK har sett saman bilete som viser korleis dette og nokre av dei andre husa på Lærdalsøyri såg ut før og etter brannen. Under kan du sjå bileta som talar sitt tydelege språk, om dramatiske øydeleggingar som har sett spor i historia.

Sjå også ferske bilete teke av brannområdet frå lufta.

(Artikkelen held fram under)

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Før- og etter-bilder fra brannen i Lærdal» i nytt vindu

Sit du med bilete frå før og etter brannen i Lærdal, som du kan tenkje deg å dela med oss? Send tips her!

– Det kunne vore verre

Kulturvernkonsulent og lokalhistorikar Kåre Hovland seier tapet av tre verneverdige hus er stort, men prisar seg lukkeleg over at det ikkje gjekk mykje verre.

– Tapet er stort i og med at det er borte bygningar i verneområdet, men det kunne ha vorte endå større om ikkje brannvernet hadde greidd å stanse brannen der dei gjorde.

Den eine av dei tre bygningane vart bygt mellom 1830 og 1840, og det vart freda i 1923. Det vart kalla Sønneva Eris hus eller Madam Eris hus – ei tid vart det og kalla Husfred. Dei siste åra er det Leiv Thomas Faulker som har vore eigar av huset.

– Eit stort tap

Kåre Hovland i Øyragata i Lærdal

GLAD DET IKKJE GJEKK VERRE: Kulturvernkonsulent Kåre Hovland kan konstatere at det meste av dei kulturhistoriske verdiane på Lærdalsøyri er intakte.

Foto: Jan Christian Jerving

Storbrannen i Lærdal har sett sine tydelege spor. Til saman er 35 bygningar totalskadde, av desse 17 bustadhus. Tre av bygga som vart slukt av flammane er verneverdige bygg som blir umogleg å erstatte.

– Sønneva Eris hus var eit svært verdfullt hus med eit tilbygg som inneheldt bakeri frå gamalt av, det var ei tid telegrafstasjon der, og seinare var det pensjonat og kafé. Det var freda etter Kulturminnelova, så det var eit stort tap, seier Kåre Hovland.

Han seier det var eit svært markant hus i trehusmiljøet i Lærdal.

– Det hadde forma som dei gamle bergenshusa hadde, med knekk på taket, og det var bygt i den gamle bergensstilen.

I tillegg gjekk Losjehuset, bygt i 1906, med i flammane. Losjehuset var bygt som eit forsamlings- og møtelokale for den lokale IOGT-losjen Sygna.

Huset vart også mykje nytta som møtelokale for andre, ikkje minst arbeidarrørsla. Sidan 2007 har Lærdal kommune eigd huset.

– Losjehuset var også verdfullt. Det var under restaurering, det har vore ein del strid omkring det. Det tredje verna huset som gjekk med i brannen er eit uthus bygt rundt 1920.

(Artikkelen held fram under)

Losjehuset i Lærdal

GJEKK TAPT: Losjehuset vart bygt i 1906 og var under restaurering då brannen sette eit endeleg punktum for historia.

Foto: Grindabloggen

– Trudde heile Øyri skulle gå med

Men brannen vart altså stansa før han nådde ned i den mest tettbygde delen av Lærdalsøyri. Det var eit hell i uhellet, seier Hovland.

– Ja, det kan vi trygt seie, og eg er veldig glad for at det meste vart berga. Eg var der i tre-fire-tida natt til søndag, og då såg det verkeleg stygt ut, med eit forferdeleg eldinferno. Då trudde eg at heile gamle Lærdalsøyri var i ferd med å gå opp i røyk.

– Det var akkurat då Losjehuset tok fyr, då kom det nokre forferdelege vindkast. Eit anna større hus på andre sida av gata var også i full fyr, så det var dramatisk. Då var eg forferdeleg pessimistisk, då trudde eg det var siste timen for gamle Lærdalsøyri.

Sønneva Eris hus

– EIT STORT TAP: Sønneva Eris hus, bygt rundt 1840, slik det såg ut før brannen.

Foto: Tor Harald Frøyset / Magasinet Norske Hjem

Kåre Hovland meiner det truleg berre ville ha vore råd å berge eitt av husa i den mest tettbygde delen, for der er det sprinkleranlegg.

– På andre sida av Øyragata , der det er butikkar er det enno ikkje montert sprinkleranlegg. Det står på planen vår, men det er ikkje gjennomført enno.

I alle dei 160 husa i verneområdet er det installert trådlaus varsling til ein sentral i Lærdal, og denne sender varslinga vidare til Alarmsentralen i Florø.

– Dermed får brannvernet veldig fort beskjed om kva hus det er brann i, og vi har eit godt brannvern med godt materiell og flinke folk. I ein normal situasjon ville eg ikkje ha vore bekymra, men det som hende natt til søndag med den frykta austanvinden var ikkje ein normal situasjon.

Hovland fortel at i slikt vêr gjekk folk på 1940- og 1950-talet frivillig brannvakt med bøtte og stige.

Så redde var dei for laus varme i den verste austanvindperioden om vinteren.

– Fabelaktig innsats

Stor innsats frå brannfolka gjorde at det aller meste av verneområdet vart berga. Hovland er takksam.

– Det var ein fabelaktig god innsats. Det hadde kome mannskap og materiell frå andre kommunar. Dei sette inn alt dei hadde for å hindre spreiing då Sønneva Eris hus stod i brann. Det ser ut til at dei lukkast godt med det.

Og at det ikkje gjekk liv tapt i brannen er trass alt det viktigaste, meiner kulturvernkonsulent Kåre Hovland.

– Men det er ein forferdeleg tragedie for dei mange som miste huset og alt dei eigde.

Oversikt Lærdal

HER BRANN DET: Kart som syner utviklinga av brannen.

Lærdalsøyri - oversyn

VART BERGA: Den mest tettbygde delen av Lærdalsøyri der mange av husa står vegg i vegg. Brannen vart stansa før den nådde dei gamle bygningane til Lindstrøm Hotel i venstre biletkant.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK