Hopp til innhold

Tårene rann då dei såg resultatet

Nervane var på høggir, men med rutine og godt spel kunne damelaget til Førde Volleyballklubb endeleg sleppe jubelen laus.

Hilde Elvebakk mottek Kongepokalen

SOLID SPEL: Kaptein Hilde Elvebakk spelte seg kraftig opp gjennom kampen mot ToppVolley. Dette er arkivfoto.

Foto: Peder Graham Guttormsen

– Dette er heilt fantastisk og smakar skikkelig godt. No kjenner eg på både glede og meistring. Eg hadde gåsehud både før kampen, under kampen og etter kampen, seier kaptein Hilde Elvebakk.

Førdedamene måtte vinne dagens kamp mot ToppVolley etter at dei i går tapte den første kampen i sluttspelfinalen i Mizunoligaen.

Etter 3–1 i set måtte damene ut i golden set før dei kunne juble over tittelen som seriemeister. Under golden set var det likevel ingen tvil om kven som var best, for med tårer i auga kunne Førdedamene juble over stillinga 15–6 på resultattavla.

– Med mottaket på plass er det vanskeleg å stogge oss, seier Elvebakk.

Førde har hatt litt av ein sesong. Den 13. januar vart dei historiske då dei sikra sitt første cupgull på damesida.