Hopp til innhold

Tankbil mista tilhengar med diesel utanfor Stedjetunnelen

SOGN (NRK): Det skal ha vore diesellekkasje frå tilhengaren.

Stedjetunnelen

STENGD: Stedjetunnelen er stengd. Han blir snart opna fror kolonnekøyring.

Foto: Arve Uglum / NRK

Stedjebergtunnelen på riksveg 55 i Sogndal er stengd. Årsaka er at tilhengaren på ein tankbil skal ha losna frå bilen og velta ut i grøfta 150 meter utanfor tunnelen ved Bondeviki. Naudetatane er på staden. Politiet melde om at det var lekkasje av diesel. Denne er stoppa, og tilhengaren er fjerna frå vegbana. Det er ikkje meldt om personskadar.

Laster Twitter-innhold

Poltitet er på staden og gjer undersøkingar.

– Vi jobbar med å sikre skadestaden. Seinare vil vi gjere avhøyr, seier Stein Rune Halleraker, operasjonsleiar i Vest Poltidistrikt.

Opnar for kolonnekøyring

Hallerakel fortel at det ikkje er fare for lekkasjar no. Tunnelen er no open for kolonnekøyring, melder politiet.

Det er sett i gang arbeid med å få tilhengaren på hjul og bort frå staden.

trafikkuhell i tunnel

I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv vi at tankbilen hadde velta inne i tunnelen. Feilen er no retta opp.