Hopp til innhold

Derfor må Lærdalstunnelen oppgraderast

Utdaterte naudtelefonar, vifter som snart har brukt si levetid og fjell som smuldrar opp. Verdas lengste vegtunnel treng verkeleg ei opprusting, fastslår Vegvesenet

Lærdalstunnelen E16

TRENG OPPGRADERING: Lærdalstunnelen kan bli stengt inntil eit år mens Statens vegvesen gjer oppgraderingar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Han er litt som ein gammal Nokia frå tidleg 2000-talet, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen vest, Svenn Egil Finden.

– Tunnelen fungerer tilsynelatande heilt fint, men han er utdatert.

Lærdalstunnelen ligg på E16 og sikrar vintersikker veg mellom Oslo og Bergen.

Sjølv om tunnelen ser vel og bra ut når du køyrer gjennom, meiner Finden at det bak fasaden skjuler seg ein utsliten tunnel.

Viftesystem, tekniske bygg og kommunikasjonsmiddel er berre noko av det som treng oppgradering.

EU-krav til tunneltryggleik og mange gamle og slitne tunnelar, har ført til eit større prosjekt om å oppgradere tunnelar i Noreg.

Neste år står Lærsdalstunnelen for tur.

Men dei 25 kilometerane med tunneloppgraderingar har skapt mykje sinne og debatt.

For medan arbeidet går føre seg, må tunnelen kanskje stenge heilt i eit år.

Dette har fått næringsliv, turistnæringa og lokalbefolkninga til å reagere.

Les også Hanne (29) sluttar truleg i jobben om Lærdalstunnelen blir stengd

Hanne Torgersen

90 tunnelar står igjen

Tunneltryggleikføreskrifta kom i kjølvatnet av ein katastrofal brann i Mont Blanc-tunnelen på grensa mellom Italia og Frankrike i 1999.

Her mista 39 menneske livet.

Men tunneloppgraderingane i Noreg har tatt tid.

Allereie i 2016 fekk myndigheitene skarp kritikk frå Riksrevisjonen.

Arbeidet med å utbetre tunnelane tok for lang tid, og i mange tunnelar var det ikkje gjennomført naudsynt tryggingstiltak.

Så langt har Statens vegvesen oppgradert rundt 135 tunnelar på riksvegar og europavegar.

90 tunnelar står igjen, sjølv om fristen for å vere ferdig med alle oppgraderingane var i 2019.

Stig Berg Thomassen

Stig Berg-Thomassen i Statens vegvesen fortel at oppgradering av tunnelar har vore ei krevjande oppgåve.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Dette handlar både om finansiering på stortingsnivå og belastning på vegnettet, i tillegg til at det har vore ei krevjande oppgåve.

Det seier prosjektleiar for tunneloppgradering i vest og i sør, Stig Berg-Thomassen, om kvifor dei enno ikkje er ferdige med oppgraderingane.

I Noreg er det kilometer på kilometer med tunnel og få omkøyringsmoglegheiter.

Difor er det vanskeleg å oppgradere tunnelane utan at det påverkar vegnettet.

Det handlar både om at det er eit direktiv som skal innfriast og at tunnelar har mykje utstyr som har ein avgrensa varigheit. Utstyr går i filler, det eldast og må bytast ut.

Kva skjer om ein ikkje oppgraderer tunnelane?

– Då må dei til slutt stengast fordi det ikkje er tilstrekkeleg trygt å køyre dei. Der har vi vore nesten i nokre tilfelle – at tilstanden er så dårleg at det ikkje er forsvarleg å bruke dei.

Les også 135 norske tunneler oppfyller ikke minstekravet til sikkerhet

Brann i vogntog i Gudvangatunnelen

ESA har opna sak

EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, har no ei ope sak mot Noreg for ikkje å oppfylle minstekrava til tryggleik i vegtunnelar.

Det stadfestar kommunikasjonssjef i ESA, Jarle Hetland.

ESA overvaker korleis Noreg følger EØS-reglane.

For to år sidan sende dei eit varsel til Noreg om at minstekrava i 68 tunnelar ikkje var oppfylte.

– Av omsynet til trafikktryggleik har ESA oppmoda Noreg til å prioritere oppgraderinga av desse tunnelane.

Ifølge Hetland har dei bede Noreg om å vurdere mellombelse tryggingstiltak inntil oppgraderingane startar for dei siste tunnelane.

– Den nyaste informasjonen frå norske styresmakter inneber at fleire av desse tunnelane har vorte oppgraderte og at talet på tunnelar som ikkje oppfyller tryggingskrava vil vere reduserte til 45 tunnelar ved utgangen av 2022.

– Burde forstått arbeidsmengda tidlegare

Noreg rapporterer årleg til ESA og har heile tida vore open om pågåande prosessar, utfordringar og utsettingar grunna omfanget til arbeidet. ESA har på grunnlag av disse utsettingane varsla om «moglegheit for traktatbrot», skriv tunnelkoordinator i Statens vegvesen Corine Chiodini.

Ifølge ho vurderer Statens vegvesen risikoreduserande tiltak i tunnelar som ikkje oppfyller minimumskrav i EU-direktivet. På grunn av lave trafikkmengder, er det få minimumskrav vi ikkje oppfyller.

– Statens vegvesen burde forstått og kommunisert tidlegare at det var mykje meir arbeid med å tunneloppgraderingane enn å tilføye utrusting, seier Chiodini.

Ho legg til at ein kvar endring i tunnelen utløyser naudsynt modernisering.

Dette fører til tunnelstenging, noko som igjen fører til stor ulempe for trafikantane og næringstransporten.

Les også Slik skal tunnelbranner stoppes

Ny brannbil Tromsø