NRK Meny
Normal

Synneva Eris hus er tilbake

Det freda Synneva Eris hus vart eit av storbrannen i Lærdal sine offer. No står kopien av det freda bygget snart klar til innflytting.

Nye Synneva Eris hus

– Det er litt rart. Det har vore så fjernt heile tida. Det har vore snakk om år, men no er det like rundt hjørnet, konstaterer huseigar Leiv Thomas Faulkner.

Natt til 19. januar 2014 fekk den då 19 år gamle raudrussen Leiv Thomas Faulkner telefon om at farsarven stod i brann. Det freda Synneva Eris hus var ein av til saman 40 bygningar som vart slukt av storbrannen i Lærdal.

Frå 1830-talet

Snart to og eit halvt år etter brannen nærmar nye Sunneva Eris hus seg ferdigstilling, som ei av dei siste branntomtene.

– Alt er oppe. Vi har byrja å isolere. Det er snakk om få ting før det igjen står eit fullverdig hus der. Det kjennest godt, seier Faulkner.

Leiv Thomas Faulkner

HUSEIGAR: Leiv Thomas Faulkner vaks opp i Aurskog i Akershus, men nytta feriane hos faren i Lærdal. No fører han farsarven vidare.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

For han er det eit barndomsminne etter den avdøde faren, men Synneva Eris hus vart bygt av bakar Ingebrigt Ingebrigtsen i 1830-åra. Huset blei reist i såkalla empirestil, i samtida populært i bakaren sin heimby, Bergen. På sida av hovudbygget husa eit anneks familien sitt bakeri.

Utover 1800-talet hadde huset ulike eigarar, og vart ei tid nytta som telegrafstasjon. I 1903 kjøpte Synneva Eri bygget. Ho leigde ut til bakeri i annekset, og sonen dreiv seinare pensjonat i hovudbygget. Bygningen som sidan har bore Synneva Eri sitt namn, vart freda i 1923 og har i periodar også husa kafe.

I 1986 kjøpte far til Leiv Thomas, den britiske legen Tim Patrick Faulkner, bygget. No gjenreiser sonen det som utvendig blir ein kopi av det gamle. Ved hjelp av biletmateriale har ein fått laga replika av vindauge og dører.

Blir sambuar i Lærdal

Samla er det snakk om drygt 300 kvadratmeter til ein prislapp på mellom seks og sju millionar kroner. Å selje tomta var aldri eit alternativ. Faulkner var ikkje i tvil om at han måtte bygge opp att.

– Nei, det har eg aldri vore. Lærdal er såpass viktig for meg, at der skulle det opp eit nytt hus.

Hovudbygget blir delt inn i to utleigebustader, ein i kvar etasje, mens Faulkner sjølv skal bu i annekset.

– Kari, kjærasten min, og eg flyttar til Lærdal i august, og skal studere ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fortel Faulkner som ikkje legg skjul på at vegen mot gjenreising stundom har verka uendeleg lang.

– Prosessen har vore kronglete og prega av mykje papirarbeid. Det har vore mykje styr fram og tilbake, men eg har fått mykje hjelp. Eg har fått god hjelp frå arkitekt, advokat, kommunen, folk generelt i Lærdal og Fretland Bygg har vore utruleg hjelpsame.

Leiv Thomas Faulkner

FÅ MINNER ATT: Faren sin utbrende motorsykkel var ein av få attkjennelege ting som vart funne i brannruinen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Får ros frå byantikvaren

Nybygget i Øyregata 68 vekkjer begeistring hos byantikvaren i Lærdal.

Byantikvar Hallvard Trohaug

GLER SEG: Byantikvar Hallvard Trohaug er glad for at Leiv Thomas Faulkner har bygt opp att ein kopi av det freda huset.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Som ein sambygding sa: Det betyr at vi har fått ei tann tilbake i tanngarden i Lærdal. Det er jo akkurat i inngangen til verneområdet, så det var litt viktig å få det opp att. Det ser nesten ut som om det er det gamle huset og at ein berre har skifta panel. Dei har gjort ein god jobb, meiner Hallvard Trohaug.

Han seier vernestyresmaktene har hatt ein god dialog både med huseigar, arkitekt og byggfirma, og er glad for at Faulkner har gjenskapt den gamle utsjånaden, trass i at fredinga vart oppheva etter brannen. Eit nybygg med moderne eksteriør hadde ikkje vore etter byantikvaren sin smak.

– Det hadde sett litt feil ut, sidan det er heilskapen på gamle Lærdalsøyri vi vil ta vare på, seier han til NRK.

1. september skal det nye Synneva Eris hus stå nøkkelklart til innflytting.

– Det blir spennande å sjå om ein får den same kjensla når ein kjem inn. At det er Synneva Eris hus. Eg håpar og trur det, seier huseigar Leiv Thomas Faulkner.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.