Fornya håp for gigantselskap på Vestlandet – straumkundar kan spare tusenlappar

FØRDE (NRK): Ein vanleg husstand kan spare nærare 5000 kroner i året om kraftbransjen på Vestlandet slår seg saman, men politikarane i Sogn og Fjordane er skeptiske.

Per Kjøllesdal

KJEM IKKJE PÅ TALE: Styreleiar i SFE og senterpartipolitikar Per Kjøllesdal seier at det ikkje kjem på tale med noko stort kraftselskap på Vestlandet der SFE er med.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det vi er opptekne av er å sikre arbeidsplassane i Sogn og Fjordane og at vi skal ha lokalt eigarskap av krafta vår, seier styreleiar i Sogn og Fjordane Energi og senterpartipolitikar Per Kjøllesdal.

Straumprisane er rekordhøge i Noreg no, men for mange er den delen av straumrekninga som heiter nettleige framleis det som irriterer mest. Fleire og fleire peikar på større nettselskap som løysinga på at nettleiga er så ulik rundt om i landet.

På Austlandet har Hafslund og Eidsiva Energi laga ein plan for å slå seg saman, og den nye kraftgiganten vil ha nærare ein million straumkundar.

På Vestlandet aukar presset for å få til noko liknande, men motstandarane er også mange.

Etter at fusjonen mellom Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi vart lagt på is, står no døra på vidt gap for ei endå større samanslåing. Det store kraftselskapet BKK i Bergen vil veldig gjerne slå seg saman med både SFE og Sunnfjord Energi.

– Det trur ikkje vi er lurt, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp). Og som største eigar i SFE har fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane mykje dei skulle ha sagt.

Sogn og Fjordane sit på nøkkelen for å få til ein storfusjon på Vestlandet. Fjordfylket har berre to prosent av folketalet her i landet, men produserer rundt 12 prosent av vasskrafta.

– Krafta vi produserer her i fylket er våre ressursar, som vi har forvalta godt i meir enn hundre år. Det er viktig for oss at vi sit på eigarskapen til denne krafta også i framtida, seier fylkesordførar Følling.

Nettleigeprisar ulike stader i landet

MINDRE I OSLO: I Oslo betalar folk 418 kroner mindre i nettleige i snitt enn i Førde.

Produserer mykje straum, men betalar mest i nettleige

Nettleiga varierer mykje rundt om i landet fordi det kostar mykje meir å leggje straumkablar mellom gardstun og grender på Vestlandet enn det gjer å kople saman leilegheiter i Oslo eller Bergen.

Sogn og Fjordane er det tredje største kraftfylket i Noreg, og det fylket der folk betalar desidert mest i nettleige på straumrekninga si. Medan ein vanleg husstand der betalar nesten 1300 kroner i nettleige i månaden, betalar ein tilsvarande i Oslo berre knappe 877 kroner.

Gjennom å slå saman dei to selskapa SFE og Sunnfjord Energi med storebror BKK i Bergen, ville innbyggjarane i Sogn og Fjordane kunne spare fleire tusen kroner i nettleige kvart år.

– Ein vanleg husstand i Førde vil kunne spare rundt 4600 kroner i året over natta om Sunnfjord Energi slår seg saman med BKK. Og vi vil vere veldig opptekne av å sikre dei arbeidsplassane som er i regionen i dag, seier konserndirektør for kommunikasjon i BKK Tonny Nundal.

– Direktøren i SFE ser fordelar med BKK-fusjon

Dersom berre SFE og Sunnfjord Energi hadde slått seg saman ville nettleiga ha blitt som i dag, likevel er det dette som er førstevalet til styreleiar i SFE Per Kjøllesdal.

Han har ikkje trua på at BKK kan trygge arbeidsplassane i Sogn og Fjordane på lang sikt.

– Sjølv om leiinga i BKK i dag seier at dei vil sikre arbeidsplassane i Sogn og Fjordane ved ein fusjon, så veit vi ikkje kva som vil skje i framtida. Den einaste måten å sikre arbeidsplassane lokalt, er å ha lokalt eigarskap, seier Kjøllesdal.

Men sjølv om styreleiaren i SFE er ein innbiten motstandar av fusjon med BKK, må konsernsjef Johannes Rauboti innrømme at det ville ha ført med seg nokre fordelar.

– Det er ikkje eg som bestemmer det, men det er heller ikkje min funksjon å vere ein bremsekloss dersom eigarane ønskjer det. Det er klart det å kople seg på større byområde som Bergen vil bety lågare nettleige enn det innbyggjarane har i dag.

Johannes Rauboti, konserndirektør SFE

IKKJE HANS ROLLE: Johannes Rauboti i SFE seier at det ikkje er hans rolle å meine noko om fusjon med BKK, men må innrømme at det hadde vore nokre fordelar med ein slik fusjon.

Kommentator: – Folk er redde for å bli styrt frå Bergen

Også Sunnfjord Energi stadfestar at dei ser fordelane ved å samarbeide tettare med BKK. Likevel er politikarane som sit med eigarskap der skeptiske.

Kommentator i Bergens Tidende Hans K. Mjelva trur det er kjensler som ligg bak den sterke vegringa mot eit stort kraftselskap på Vestlandet.

– Innbyggjarane i Sogn og Fjordane ville ha kome godt ut av ei slik samanslåing, men dei er veldig redde for å bli styrt frå Bergen. Bergensimperialismen er den store frykta, og då er det ikkje sikkert at det hjelper å få kutta nettleiga, seier Mjelva.

Mjelva trur tida vil vise at det er eit stort kraftselskap på Vestlandet som er framtida, men Per Kjøllesdal i SFE trur han tek feil.

– Vi er skuffa over at det ikkje vart noko samanslåing av Sunnfjord Energi og SFE, men vi trur og at dei to selskapa kan halde fram som sjølvstendige og gode selskap. Det viktigaste er at eigarskapen er lokal og offentleg, seier han.