Hopp til innhold

Kraftstorebror vil nekte småsøsken å slå seg saman – fryktar austlendingane

– Det blir for smått. BKK fryktar at planane om å slå saman Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi ikkje er nok i kampen mot austlendingane.

Reperatører BKK

HAR IKKJE TRUA: BKK trur ikkje den økonomiske gevinsten på ein lokal fusjon vil vere på mellom 30 og 50 millionar kroner, slik SFE og Sunnfjord Energi meiner.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

I over to år har dei to kraftselskapa i Sogn og Fjordane jobba med planar om å slå seg saman. Målet er å spare pengar, samstundes som dei sikrar viktige arbeidsplassar i Førde og på Sandane.

Men no møter planane motbør hos det store kraftselskapet BKK med hovudkontor i Bergen. BKK eig nemleg litt over ein tredjedel av både SFE og Sunnfjord Energi, og selskapet kan difor stoppe fusjonsplanane om dei vil.

Trur ikkje på gevinst

Og i dag kom det klar melding frå BKK. I ei pressemelding skriv konserndirektør for kommunikasjon, Tonny Nundal, at dei ikkje trur ein fusjon vil gi den økonomiske vinsten fjordingane håpar på. Han trur heller ikkje at ein fusjon mellom to så små selskap vil gi kundane redusert nettleige.

Tonny Nundal i BKK

KONSERNDIREKTØR: Tonny Nundal vil ha eit stort kraftselskap på Vestlandet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

I staden drar Nundal opp igjen tanken om å slå saman kraftselskapa i nye Vestland fylke til eitt stort selskap som kan ta opp konkurransen mot andre store selskap. Dette er planar Sogn og Fjordane fylkeskommune, som er største eigaren i SFE, sa nei til i fjor.

– Det vert for smått

Frykta til Nundal kjem austanfrå. Der har nemleg kraftigigantane Hafslund E-CO og Eidsiva Energi planar om å skape landets største energiselskap med nærare ein million kundar og ein kraftproduksjon som vil vere over dobbelt så stor som BKK sin produksjon. Til samanlikning har BKK kring 200 000 kundar.

Sjølv om BKK er store på Vestlandet, vert vi alle små når vi samanliknar oss mot dette. Dei vil ikkje berre tilby kundane sin lågare nettleige. Dei vil også få stor tyngde når det gjeld å påverke rammevilkåra for energiselskapa framover, understrekar Nundal.

– Styreleiarane i SFE og Sunnfjord stiller sjølve spørsmål ved om eit fusjonert selskap er for lite. Skal vi vera konkurransedyktige, må vi byggja alliansar som har tilstrekkeleg slagkraft og ressursar til å vinne fram i konkurransen mot dei andre, seier Nundal.

– Torpederer planane

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, (Sp) skuldar BKK for å torpedere fusjonsplanane.

Jenny Følling

FYLKESORDFØRAR: Jenny Følling skuldar BKK for å drive torpedering av saka før den er ferdig greia ut.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Eg er overraska over at BKK har teke standpunkt før grunnlaget for fusjonen er presentert for aksjonærane, seier ho til NRK.

Også konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, er overraska ettersom BKK sit i styret i selskapet hans. Eit styre som heile tida har slutta opp om fusjonsarbeidet.

– At dei vel å rå frå fusjon før saka er lagt fram for endeleg avgjerd står fram som merkeleg for meg, seier han til NRK.