Hopp til innhold

Sogndal sitt stortalent ute i minst to veker etter kraftig kampsmell

Stortalentet Bjørn Inge Utvik er ute i minst to veker etter smellen han fekk då han spelte for Sogndal 2 måndag.

Bjørn Inge Utvik i duell med Michael Haukås

UTE I TO VEKER: Bjørn Inge Utvik (i midten) i duell med Haugesunds Michael Haukås i eliteseriekampen mellom FKH og Sogndal på Haugesund Stadion mandag.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Midtvegs i 2. omgang i andrelags-kampen mot Stryn måtte haugesundaren ut på båre etter at han fekk foten til ein motspelar rett inn i ankelen.

– Det gjer vondt, men det er vanskeleg å seie noko om skadeomfanget no, sa Utvik til Sogn Avis etter kampen.

Ingen brot

17-åringen blei frakta til sjukehuset i Lærdal der dei tok røngten. Men til alt hell synte det seg at det ikkje var brot i foten.

– Han har fått seg ein kraftig trøkk i blautdelsvevet i ankelen, men dei fann ingen brot, seier sportsleg koordinator i Sogndal fotball, Håvard Flo, til NRK tysdag kveld.

Må gå med gips

No har Utvik fått gips på foten som han må gå med i første omgang i to veker framover. Han ville normalt ha vore aktuell for cupkampen på Fosshaugane onsdag, og deretter er det fotballferie.

– Det kan vere skadar i leddband, men det vil syne seg når ein tek av gipsen, seier Håvard Flo.

Neppe store endringar

Sogndal møter onsdag kveld 1. divisjonslaget Ull/Kisa i 3. runde i cupen, etter at dei tok eitt viktig poeng heime mot Start søndag.

– Det blir neppe mange endringar på laget frå Start-kampen. Vi må vente oss ein tøff kamp, der Ull/Kisa garantert vil gå ut og krige for siger, sler Flo fast.

Slik vert 3. runde i NM-cupen spelt:

Onsdag 29. mai klokka 18.00:

Kvik Halden – Lillestrøm
Asker – Vålerenga
ODD – Sandefjord
Viking – Bryne
Vard Haugesund – FK Haugesund
Brann – Mjøndalen
Sogndal – Ull/Kisa
Hødd – Molde
Ranheim – Aalesund
Levanger – Rosenborg
Bodø/Glimt – Elverum
Tromsø – Follo
Alta – Hønefoss

Torsdag 30. mai klokka 18.00:

Stabæk- Fredrikstad
Kongsvinger – HamKam
Flekkerøy – Start