Hannu Patronen fekk raudt kort i gårsdagens kamp mot Lillestrøm, dermed må han stå over kampen mot Odd Grenland på søndag.
- LES OGSÅ:
– Eit rått midtstoppartalent
Då må trenarane til Sogndal finne ein erstattar som skal danne midtstopparparet i lag med Gustav Valsvik, og dei har tre kandidatar: Espen Næss Lund, Azar Karadas og Bjørn Inge Utvik.
Utvik vart henta før sesongen og blir rekna som eit av dei store midtstoppartalenta i Norge.
– Bjørn Inge Utvik er eit av dei råaste midtstoppartalenta i landet, og det er ein grunn til at me henta han. Det er soleklart at han er eit av alternativa, seier Tom Mangersnes, assistenttrenar i Sogndal.
- LES OGSÅ:
– Han er litt i same kategorien som Gustav Valsvik var i for nokre år sidan og Even Hovland før det att. Det var på den alderen at dei byrja å få speletid og faktisk starta kampar. Me er ikkje redde for å bruke Bjørn Inge om me finn ut at han er det beste alternativet.
Vanskeleg kabal
Men trenarteamet står føre ei utfordring. Espen Næss Lund er også klar til kamp.
– Espen fekk spele litt mot Lillestrøm og løyste den midtstopparoppgåva veldig bra, seier Mangersnes.
Mai månad er ein månad med tett kampprogram, noko laga byrjar å merka.
– Me skulle sjølvsagt hatt Hannu og Gustav til å spele i lag, men i ein lang sesong må ein rekne med at det frå tid til annan blir skadar og karantenar som gjer at ein må gjera endringar. Det er også eit hovudargument for at klubben skal investera i fyldige spelartroppar, seier Mangersnes.
– Me byrjar å merka at det har vore mange kampar i det siste. Me får sjå det litt an på trening laurdag kven me vel, og so er me klare til kamp søndag.
Karadas – spiss eller forsvar?
Eit anna dilemma trenarane står ovanfor er kor dei skal bruka Azar Karadas. Eidaren kan spela både midtstoppar og spiss, og har dei siste kampane vore svært delaktig i Sogndal sitt spel framover på bana.
– Karadas har vore veldig viktig for oss for å få meir trykk framover på bana. Slik han spelte heime mot Brann, den omgangen han spelte mot Viking og til tider mot Lillestrøm, so blir han den som skapar uro hjå det andre laget. Med han framme so har me blitt litt farlegare rundt motstandaren sitt mål, og til sjuande og sist er det fotball handlar om. Me skal sjølvsagt ha midtstopparar som gjer at motstandaren ikkje scorar mål, men me har også lyst å putta noko i den andre enden, seier Mangersnes.