Hopp til innhold

Gnir seg i hendene over fantastisk seriestart

Leiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrets gnir seg nøgd i hendene. For dei beste laga våre på herresida hevdar seg godt.

Kristian Fardal Opseth, t.v. Stefan Aase

IMPONERER KRINSLEIAREN: Førde, her ved Kristian Fardal Opseth, og Florø, her med Stefan Aase, gler Robert Endestad.

Foto: Alf Vidar Snæland

Sogndal sankar jamnt med poeng i Tippeligaen, Førde har markert seg med tre solide bortesigrar i 2. divisjon, og Florø toppar 3. divisjonsavdelinga sik.

– Dette er veldig kjekt, og det syner at laga våre jobbar godt. Men eg er ikkje så veldig overraska. Sogndal gjorde det godt i fjor og har hatt ein god vinter. Førde har også hatt ein god treningsvinter med gode forhold, det same har Florø.

(Artikkelen held fram under biletet).

Robert Endestad

IMPONERT: Leiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Hamnar over midten

At Sogndal etter 12 kampar ligg på åttandeplass i Tippeligaen med 16 poeng er nok over det dei fleste hadde rekna med og skyhøgt over det ekspertane i hovudstadspressa tippa før sesongstart. Robert Endestad har tru på at dei vil halde seg over midten av tabellen.

– Dei har gjort det veldig godt borte. Dersom dei tek til å plukke fleire trepoengarar heime på Fosshaugane Campus trur eg dei kan ende på ein sjuande-åttandeplass.

– Imponerande av Førde

I 2. divisjon fekk nyopprykte Førde ein tøff start med 1-5 borte mot Bærum i første kampen, men seinare har laget bite godt frå seg. På dei tre neste bortekampane har dei sikra seg full pott, sist med 2-0 over Kvik Halden. Dette imponerer Endestad.

– Det er veldig solid, spesielt mot Kvik Halden, som er eit sterkt heimelag. Eg tippar at dei kjem heime også no når dei får spele på Førde stadion, så eg trur at det blir ein veldig god sesong for Førde, eg trur dei kan bli blant dei tre-fire beste i avdelinga.

(Artikkelen held fram under biletet).

Knut Erik Folland

HAR BITE GODT FRÅ SEG: Førde-trenar Knut Erik Folland.

Foto: Alf Vidar Snæland

Folland: Årsbeste

Førde-trenar Knut Erik Folland karakteriserer sigeren mot Kvik Halden i går som årsbeste.

– Vi framstår først og fremst som mykje betre defensivt, vi er trygge og vanskelege å score på. Når vi no får sett det offensive spelet så er vi farlege. I går skapte vi sju-åtte målsjansar i tillegg til måla, medan Kvik Halden berre hadde ein sjanse.

Heime har det blitt null poeng, men så har Førde berre fått spelt ein kamp heime til no, 1-2 mot Drøbak Frogn, ein kamp Folland meinte dei var uheldige. Banetilhøva på Førde stadion har gjort at to heimekampar er utsette.

Den eine av dei utsette kampane, mot Molde 2, skal spelast komande torsdag. Før den ligg Førde på sjetteplass med sine ni poeng, og med to kampar mindre spelt enn dei andre laga.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vegar Gjermundstad

SANKAR POENG BORTE: Kaptein Vegar Gjermundstad og Førde har full pott på dei tre siste bortekampane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Tøft kampprogram framover

No går Førde inn i ein tøff periode med fem kampar på 14 dagar. Folland har lagt planen for korleis dei skal kome gjen nom det på ein god måte.

– Det blir ikkje så mykje trening, det blir meir resitusjon, samstundes har vi ein brei stall, vi har lite skadar, vi må bruke strørre delar av troppen, men det er eg ikkje bekymra for.

Mellom dei som ikkje har fått spele så mykje til no er fjorårets toppscorar, Kristian Fardal Opseth.

– Kristian var best av spissane i oppkøyringa, men så vart han sjuk og fekk ein liten skade som sette han tilbake. Men han har vist fin framgang, og eg er ikkje bekymra for speltida hans framover.

Førde har som mål å vinne i gjennomsnitt annankvar kamp, det vil seie 39 poeng til slutt, og Folland ser ikkje grunn til å justere den målsettinga enno.

(Artikkelen held fram under biletet).

Thor Jørgen spurkeland og Andre Frøyen Reksten

TOPPAR 3. DIVISJON: Kaptein Andre Frøyen Reksten (t.h.) har leia Florø til tabelltopp. Her i cupkampen mot Førde, t.v. Thor Jørgen Spurkeland.

Foto: Alf Vidar Snæland

Florø utan tap

I 3. divisjon toppar Florø tabellen med 20 poeng etter åtte kampar. Laget har enno til gode å tape i serien, og leiaren i fotballkrinsen trur dei er gode nok til opprykk.

– Dei er i rute til det, sjølv om dei har rota det litt til i eit par bortekampar og sleppt inn fire mål i to kampar (begge enda 4-4). Dei må jobbe med å tette igjen i bortekampane, men dei verkar solide, og dei har berre serien og juniorcupen å konsentrere seg om, så eg trur dei kjem til å vere i teten heile vegen.

– Kaupanger kjem...

I 1. divisjon for kvinner har Kaupanger fått ein litt tung start, men i helga vart det 4-2 over Fart, og laget er oppe på åttandeplass av 12 lag. Robert Endestad trur Kaupanger kjem sterkare etter kvart.

– 1. divisjon for kvinner er tøff, men Kaupanger har ein god stall og har fått eit par nye spelarar. Eg trur dei kjem sakte, men sikkkert. Eg har veldig god tru på trenartemaet til Kaupanger, så dei kjem til å greie seg med god margin, trur eg.

Guro Øydvin

- KAUPANGER GREIER SEG: Fotballkrinsleiaren trur Guro Øudvin og Kaupanger greier seg i 1. divisjon.

Foto: Christian Blom