Hopp til innhold

– Det er berekna at dei kraftige nedbørhendingane vil bli endå kraftigare

Meteorolog og forskar meiner at uvêret som skapte flaumen i Utvik og Breim blir vanlegare med klimaendringane.

Reidun Gangstø Skaland og Utvik

UROA OVER UTVIKLINGA: Meteorolog Reidun Gangstø Skaland ser at klimaendringane vil føre til stadig meir ekstremvêr.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Måndag vart bygdene Breim og Utvik i Nordfjord overfløymde etter eit kraftig regnvêr. Flaumen gjekk hardt ut over både bygningar og matjord, og mange vart evakuerte frå heimane sine. Ifølgje analysar gjort av Norsk Klimaservicesenter, må vi bu oss på fleire slike hendingar i framtida.

– Sjølv om ein ikkje kan knyte denne hendinga direkte til klimaendringar, så er dette ein del av ein vêrtrend som finst på grunn av klimaendringane, seier meteorolog Reidun Gangstø Skaland ved Meteorologisk institutt.

– I tillegg vil det komme nye ekstremvêrhendingar, på andre tider av året, eller andre stader enn det vi er vande med, seier professor Carlo Aall ved Høgskulen på Vestlandet.

Vêret vil også låse seg og vere stabilt over lengre tid. Aall meiner at dette i sum kan gi ekstreme hendingar, og seier at brannen i Lærdal, som kom etter ein lengre tørkeperiode, er eit døme på det.

Må førebu oss på nye flaumsoner

Det at klimaet endrar seg, vil føre til at område som tidlegare har vore trygge, kan bli utrygge.

Veg rasa ut i Utvik flaumen

– Det er heilt klart at klimaet er annleis no enn før. Den faktiske årsnedbøren på Vestlandet er i dag så høg som klimamodellane spådde at den ville vere i 2080, seier forskar Carlo Aall ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Alf Vidar Snæland

– På årsbasis ventar vi at nedbøren vil auke med 15 prosent i Sogn og Fjordane, og temperaturen med fire grader, seier Skaland.

Ho seier at nedbørsauken ikkje er ekstrem, men at problemet er at det vil bli vanlegare at det regnar veldig mykje på veldig kort tid.

– Det er berekna at dei kraftige nedbørhendingane, som fører til flaum og skred, vil bli endå kraftigare, og dei vil komme oftare.

– Vi vassar bokstaveleg talt i problemet

– Vi kan ikkje beskytte oss hundre prosent mot naturskadar, noko av det må ein leve med. Men ein del jobb når det gjeld å vurdere naturskaderisiko er det klart at ein kan gjere, seier Carlo Aall.

Han meiner at det er viktig å sende folk ut i terrenget for å sjekke elvebreiddene.

– Vi må bokstaveleg talt stikke fingeren i jorda og sjekke faren for utgraving. Det er ikkje nok med flaumkart, seier han.

Carlo Aall

LOKALKUNNSKAP: Carlo Aall meiner at mellom anna grunneigarar kan vere gode til å vurdere risiko.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Han vil bruke kunnskapen som finst i lokalmiljøa for å vurdere kvar faren for flaum og skred er størst.

– Nøkkelen er å kombinere nasjonale kunnskapsbasar med lokalkunnskapen i kommunar. Dei har erfaring med korleis klima har slått ut historisk.

– Sogn og Fjordane har god grunn til å drive klimatilpassing

– Vi har dessverre hatt mange naturhendingar som har ført til store øydeleggingar. Det har ført til at fokus på dette temaet er ekstra stort her i fylket, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen.

Han seier at ein er nøydd til å tenke på klimaet når ein skal bygge.

– Kommunane har ansvaret for å følgje dei oppdaterte prognosane for korleis klimaet vil påverke fylket, og vi jobbar heile tida med å gi dei informasjon, seier han.