NRK Meny
Normal

Tosifra tal trehus står i brann - no har flammane nådd gamle Lærdalsøyri

Ein storbrann trugar heile Lærdalsøyri i Sogn og Fjordane. Brannen starta i eit bustadhus, men er no spreidd til eit større område.

Storbrann på Lærdalsøyri i Sogn og Fjordane

STORBRANN: Brannen som starta i eit bustadhus på Lærdalsøyri har spreidd seg til fleire hus, skog og fjellsida.

NRK sin reporter på staden melder om at eit tosifra tal hus no står i full fyr. Vinden står i retning sentrum.

Like før klokka 03:00 skal flammane også ha nådd trehusa på gamle Lærdalsøyri.

Litt over klokka 04:00 vurderer brannvesenet å leggje hus i sentrum flate for å hindre brannen i å spreie seg.

SISTE: Søndag morgon klokka 08:00 er det venta at helikopter frå Forsvaret kjem for å hjelpe til med å sløkkje brannen frå lufta.

– Vi har ikkje oversikt over situasjonen, seier ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim.

Han fortel at fleire bønder har kome med gyllevogner for å hjelpe til å sløkkje brannen. Ordføraren oppmodar alle som har utstyr om å hjelpe til. Han har også bede om assistanse frå nabokommunane.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

140 personar har no oppsøkt Lærdal sjukehus. 20 personar har ved halv tre-tida røykskader, som gjer at dei må vere der.– Eg er først og fremst redd for at det skal gå tapt liv her. Brannen starta seint på kvelden, så folk kan ha lagt seg, seier han.

Andre folk blir sende til kafeen på Håbakken. Det er busstransport til Aurland fjordhotell, og fleire har oppsøkt ungdomshuset.

Fem brannmenn frå Florø vert no transportert med redningshelikopter frå Florø til Lærdal for å hjelpe mannskapet der inne, opplyser alarmsentralen.

Erik Willasen ved Hovudredningssentralen oppplyser at når redningshelikopteret har flydd inn røykdykkarane frå Florø, er planen å fly pasientar frå Lærdal til sjukehuset i Førde for å frigjere plass ved Lærdal sjukehus.

Det er også venta at ein bil med mannskap frå Førde skal reise innover.

NRK sin reporter på staden kallar situasjonen for eit inferno.

– Ikkje meldt om omkomne

Heile Lærdal sentrum er no evakuert etter at fleire hus er brent ned, skriv NTB.

Fleire personar er også sent til behandling på Lærdal sjukehus for røykskadar.

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes seier til NTB at talet på røykskadar vil auke.

Jan Gunnar Holvik på alarmsentralen fortel at dei er redd brannen skal spreie seg til både eit mekanisk verkstad ein bensinstasjon og eit verneområde med fleire verna bygningar.

– Det er ikkje meldt om omkomne, så vidt vi veit, seier Holvik.

Brannvesen frå Lærdal, Aurland, Årdal, Øvre Årdal, Sogndal, Gol, Voss og Bergen er på staden.

Fryktar for fleire hus

– Det vi veit er at det er veldig tørt og sterk vind. Vi har kraftig brann i veldig mange hus i området mellom Hauge kyrkje og skyttarhuset, seier ordføraren.

Det har framleis ikkje teke fyr i skyttarhuset, men ordføraren seier at dei fleste husa mellom det og kyrkja er i brann. Han har sjølv telt sju hus, men fryktar langt fleire.

– No er alt tilgjengeleg mannskap ute. Det er heilt umogleg å få tak i folk fordi straumen har gått på heile Lærdalsøyri, seier Solheim som sjølv sit på Lærdal energi og prøver å få oversikt.

Spreidde seg raskt

Politiet og alle naudetatane er på plass på Lærdalsøyri, men førebels har dei ikkje klart å hindre brannen i å spreie seg.

Det eine huset skal ifølgje augevitne ha rast saman, men brannen har no spreidd seg til fleire av de omkringliggande husa.

Politiet fekk melding samtidig som alarmsentralen om storbrannen. Melding kom klokka 22.54 og det var då varsla om ein bustadbrann på Lærdalsøyri.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Lærdalsøyri

BRANN: Den sterke vinden i området har gjort at brannen spreidde seg raskt.

Foto: Ida Tønnesen / NRK-tipser

Fire hus er heilt nedbrent

– Huset vart veldig raskt overtent og vi fekk også melding om at dei som var i huset var komne ut i god behald, men brannen utvikla seg raskt og fleire hus som låg like ved blei overtent, fortel operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Avsnes.

Bebuarane i området vert evakuert, men politiet ber dei som er usikre på om dei bør evakuere om å ta kontakt straks med naudetatane.

Det siste politiet har fått melding om er at heile fire hus er nedbrent. Også straumen er gått i Lærdal sentrum.

Riksveg 5, Lærdalen, på strekninga mellom Fodnes og Håbakken er stengt på grunn av brannen, opplyser Statens vegvesen.

– Vi har fått ut heimehjelpen slik at dei kan låse opp alle sikringslåsar og få dei gamle ut, seier Solheim.

Sterk vind i området

– På grunn av den sterke vinden har brannen spreidd seg til eit større område og det har også spreidd seg i skogen og fjellsida som ligg langs riksveg 5, fortel Avsnes.

Det er iverksett evakuering av bebuarane i området og eit evakueringssenter er opprette på Lærdal sjukehus.

– Det går føre seg evakuering framleis, og alle omkringliggande brannvesen, sivilforsvar og hjelpestyrkar er kalla ut i samband med brannen, seier han.

Avsnes fortel at store styrkar frå alle naudetatar er i Lærdal.

Vanskeleg å få tak i nok vatn

Eit problem er også å få tak i nok vatn for å sløkkje brannen.

– Vi har sendt førespurnad om å få helikopter som kan hjelpe til, men dei har ikkje moglegheit før det vert lyst.

Avsnes har ikkje det konkrete talet på dei som er evakuerte.

– Lærdalsøyri er eit kritisk område. Der bur det minst 300 personar, så ein stor del av desse er allereie evakuert, seier Avsnes.

Busetnaden på gamle Lærdalsøyri er noko av det mest særmerkte som er att av gamal tettstadsarkitektur i Noreg. I alt 161 hus på Lærdalsøyri er verna, og ved sida av Bergstaden Røros er Lærdalsøyri eitt av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er teke vare på i Noreg. Lærdalsøyri er på Riksantikvaren si liste over byområde av kulturhistorisk interesse.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.