Hopp til innhold

– No må vi bygge opp att Utvik, kanskje endå finare

UTVIK (NRK): Tanja Hage er innstilt på å byggje opp att bygda saman med dei andre som har fått skade på hus og eigedom.

Flaumøydelegging i Utvik

MYKJE OPPRYDDINGSARBEID FRAMOVER: Slik ser det ut i Utvik, dagen etter flaumen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Når Tanja er ferdig på jobb skal ho til Utvik for å sjå det triste resultatet av flaumen.

– No må vi berre sjå korleis det ser ut, og så må vi berre byggje opp att Utvik, stein for stein. Vi må forme eit nytt Utvik ut frå det nye elveløpet, med ei dobbelt så stor elv som renn midt gjennom Utvik. Kanskje kan vi byggje det opp att på ein endå finare måte, om det er mogeleg.

– Når trur du at du kan flytte heim att og leve eit normalt liv der?

– Akkurat no har eg vanskeleg for å førestille meg det å flytte heim att, for heile hovudvegen og hagen nedanfor huset mitt er vekk, det er berre eit kjempestort krater. Eg forstår ikkje korleis dei skal greie å byggje opp att vegen, slik det ser ut no. Det er skremmande.

Ho veit at huset står trygt.

– Huset står framleis, vi har vore oppe og sett at det står støtt på ein sokkel, men det meste av hagen er vekk.

Tanja Hage i Utvik

– TRIST SYN: Tanja Hage har akkurat no vanskar med å sjå føre seg å flytte heim att.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Lagar mat utan vatn

På kafeen i Utvik tek Rosa Lia imot alle som manglar mat og tak over hovudet. Ho har eit par problem som ho slit med.

– Vi vart lova vatn, men har ikkje fått noko endå. Det er ikkje lett å laga mat til alle utan vatn og straum. Og oppvasken ... Men vi har open dør til alle, vi har frukost frå klokka ni, og vi serverer middag.

Rosa Lie

LAGAR MAT TIL ALLE: Rosa Lia på kafeen i Utvik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Mykje oppryddingsarbeid

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier at vêrutsiktene er gode, og at Storelva i Utvik ved midnatt hadde minka mykje, og kjem til å gå ned endå meir framover. NVE jobba fram til midnatt for å få oversyn over skadane i flaumråka Utvik i Nordfjord.

– Det verste er over, men skaden er der uansett. Det er mykje oppryddingsarbeid, sa fungarende regionsjef i NVE, Svein Arne Vågane, til NTB like før midnatt.

– Storelva i sentrum av Utvik har teke brua på fylkesveg 60. Bruene mot Førde er stengde. Det er ikkje tilkomst til Førde eller Stryn. Vegvesenet gjer ein god jobb der, men det vil ta tid, opplyste Vågane.

Utvik-opprydding

OPPRYDDINGA I GANG: Denne gravemaskinen står der brua over elva i Utvik gjekk fram til måndag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sommardagane avlyste

Utvik er ikkje lenger den idyllen bygda brukar å vere sommarstid. Tanja Hage seier at det er eit frykteleg trist syn. Sommardagane i Utvik, som skulle ha vore arrangert komande helg, er naturleg nok avlyst.

– Alle vegane til Utvik er stengde, så det er ikkje anna å gjere enn å avlyse. Dette brukar å vere den store happeningen i Utvik. Det er då alle kjem heim på ferie, treffer slekt og vener og kjende. Med alt arbeidet som er lagt ned er det trist å måtte avlyse.

Utvik flaum

SITUASJONEN MÅNDAG: Sidan dette biletet vart teke har vasstanden i elvene i Utvik gått ein god del ned.

Foto: NRK-TIPSAR

Definere nytt elveløp

Tysdag morgon vil Fylkesmannen, beredskapsgruppa og fleire i Stryn kommune kome for å få oversyn over situasjonen.

– Ein del av jobben blir å definere eit elveløp igjen, seier Vågane.

Sjå fleire foto frå øydeleggingane:

Flaum i Nordfjord
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK