Hopp til innhold

Store industribygg blir ståande tomme

Enorme industriareal står ledige utan industriaktivitet på stader som Høyanger, Årdal, Skien og Narvik. I Høyanger blir eit industribygg på 22.000 kvadratmeter ståande tomt frå nyttår.

Dagleg leiar/næringssjef Høyanger Næringsutvikling, Terje Søreide

VIL SKAPE NY AKTIVITET: Næringssjef Terje Søreide i Høyanger står her i eit 3500 kvadratmeter stort industribygg på Kyrkjebø som har stått tomt i fleire år. Ved nyttår blir eit 22.000 kvadratmeter stor næringsbygg ståande tomt etter at felgproduksjonen ved Saint Jain Wheels blir lagt ned.

Foto: Heidi Lise Bakke

Bilfelgprodusenten Saint Jean Wheels i Høyanger legg ned drifta ved nyttår etter å ha tapt 300 millionar kroner dei siste sju åra. På det meste jobba det nærare 400 personar ved felgfabrikken, men no er 40 år gammal industrihistorie snart over. Eit industribygg på 22.000 kvadratmeter blir dermed ståande tomt.

Næringssjef Terje Søreide i Høyanger jobbar hardt for at det skal skapast ny aktivitet i lokala.

– Vi må heile tida jakte ny aktivitet når gode industrilokale blir ledige. Vi håper og trur på aktivitet i framtida.

Kor gode er industrilokala?

– Bygningsmassen er stort sett bra og eignar seg godt til ulike typar verksemd. Dersom kraftkrevjande industri ønskjer å etablere seg, har vi god tilgang på straum i Høyanger. Vi kan heilt klart tilby konkurransedyktige vilkår, seier Søreide.

Knyter til seg kompetanse

Kommunen er no i ferd med å knyte til seg kompetanse der målet er å fylle lokala med aktivitet og nye arbeidsplassar.

– Vi har eit kart som viser at Høyanger ligg veldig sentralt til i det nye Vestland fylke. Vi har nær tilgang til flyplass, ligg nært E39 og fjorden ligg her, seier næringssjefen.

Eit 3500 kvadratmeter moderne næringsbygg i nabobygda Kyrkjebø har stått ledig i fleire år. Viser ikkje dette at det er vanskeleg å skape ny aktivitet i området?

– Det kan ein gjerne seie. Men i lokala til Saint Jean Wheels har det vore aktivitet i 40 år. Her må det gå an å få til noko nytt, seier han.

Også i Odda i Hordaland har dei slite med å få på plass ny industriproduksjon etter at smelteverket gjekk konkurs i 2003. Ei industritomt på formidable 88.000 kvadratmeter vart ståande ledig. No er det ny alternativ aktivitet på mesteparten av arealet, men det har vist seg svært vanskeleg å skape ny storindustri i bygda.

Tomme SIVA-bygg

Selskapet for industrivekst (Siva) har dei siste 50 åra investert tungt i eigedom, bygg og innovasjonsselskap over heile landet. I dag har dei 55.000 kvadratmeter ledig lokale på sju ulike stader i Noreg.

Eit av måla til Siva er å gjere det lettare for bedrifter å etablere seg på mindre stader, og dei eig mange bygg på små tettstadar. Då kan det vere utfordrande når bedrifter går konkurs.

– På mindre plassar er det meir krevjande å få inn nye leigetakarar og vi jobbar med ulike løysingar i kvart enkelt tilfelle, seier kommunikasjonsdirektør i Siva, Ane Flo.

Mellom anna er næringsbygget på Kyrkjebø i Høyanger eigd av SIVA. Også i Narvik, på Herøya i Porsgrunn og i Årdal står store SIVA-bygg tomme. Det 7000 kvadratmeter store Doria-bygget i Årdal har stått tomt i seks år etter produksjonen av dører vart nedlagt.

Arild Ingar Lægreid

TOMT BYGG: Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid synest det er trist at ein ikkje har greidd å skape ny aktivitet i den tidlegare dørfabrikken Dooria. Kommunen fekk 70 millionar til omstilling som mellom anna gjekk til dørfabrikken, men produksjonen vart langt ned.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi skulle gjerne hatt ny aktivitet i fabrikken, men vi jobbar vidare og gir ikkje opp, seier Arild Ingard Lægreid (Ap), ordførar i Årdal.